Hopp til innhold

#NRKfjos: Få svar på det du lurar på!

Somme spørsmål dukkar stadig opp att i chatten - her får du svar på noko av det mange lurar på.

NRK fjos - kyr kollasje
Foto: Geir Olav Slåen / NRK

Kva er den raude boksen på venstre side i fjoset?

– Det er kraftfôrautomaten der kyrne kan forsyne seg med si daglege dose med kosttilskot. Det er ei grind for å hindre at det blir knuffing ved automaten.

Kva er årsaka til at ein del av kyrne går rett gjennom roboten?

– Det må gå ei viss tid mellom kvar gong kyrne mjølkar. Dersom det er for kort tid sidan sist så blir det registrert av roboten og kua må gå att. I snitt mjølkar dei litt over tre gonger i døgnet på Ulberg.

Kva ligg kyrne på?

– Kyrne ligg på gummimatter med flis oppå.

Kva tid kan kyrne gå ut?

– Dei kan i prinisippet gå ut når dei vil, heile døgnet. Men dersom det er for lang tid sidan dei vart mjølka så må dei ta ein runde i roboten før dei får lov til å gå ut. Dei likar gjerne å gå ut i flokk. I vinterhalvåret er dei innandørs.

Kva i all verda er den vesle bilen som køyrer over golvet ein gong i blant?

– Det er skraperoboten som bidreg til å halde det reint i fjoset.

Kva tid blir det kalving?

– Det er ikkje godt å seie, men Dagros (450) har termin 6. september.

Oversiktskart over fjøset på Ulberg gård. Illustrasjon.

På dette kartet ser du korleis fjøset er bygd opp.

Flere saker fra Innlandet