NRK Meny
Normal

– Turistrafikken trugar villreinen

Den Norske Turistforening får kritikk for at den legg for godt til rette for turgåarar i Rondane.

Den store turisttrafikken truer villreinsstammen i landets eldste nasjonalpark. Nå får Den norske turistforening kritikk for at den slipper for mange turgåere inn i Rondane.

Villreinen er ikkje spesielt glad i folk, og skyr dei mest trafikkerte områda. Balansegangen mellom turisme og villreinen er nok ein gong eit tema i Rondane og Dovrefjell. (Foto: Geir Olav Slåen og Lars Erik Skrefsrud)

Landets fyrste nasjonalpark fyller 50 år i år, og stadig fleire har oppdaga den vakre naturen i Rondane. Fotturistane strøymer til dei mest populære områda og dei mest populære turisthyttene.

Villreinen i området set ikkje like stor på dei mange fjellvandrarane som besøkjer deira rike. I dei mest populæra turistområda, som til dømes ved Rondvassbu, er det ikkje ein villrein å sjå.

– Vi ser at det er problematisk for villreinen. Det er lukta av folk som gjer at den skyr dette området, her er det store problem for den å trekkje, seier leiar i Sel fjellstyre, Jan Olav Solstad.

Fryktar betre stiger

Jan Olav Solstad

Jan Olav Solstad i Sel fjellstyre fryktar at villreinen får stadig mindre område å halde seg på.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Noreg har teke på seg eit internasjonalt ansvar for å ta vare på den siste gjenlevande villreinstamma i Europa. Nokre av dei viktigaste områda for reinen er nettopp nasjonalparkområda Rondane, Dovrefjell og Snøhetta.

Her har DNT Oslo og omegn, med hjelp av norske miljøstyresmakter, fått lov til å byggje og drive turisthytter midt i kjerneområda for villreinen.

– Det eg er redd for på sikt er at det blir lagt til rette for lengre sesong og betre stiger og løyper inn i det sårbare området, seier Jan Olav Solstad i Sel fjellstyre.

– DNT har eit ansvar

Den hytta det har vore meste spetakkel rundt heiter Snøheim. DNT fekk attende den gamle turisthytta frå Forsvaret, og etter mange rundar i byråkrati og rettsvesen vart hytta utvida og på ny opna for turistar denne sommaren. Årsaka til alt bråket er nettopp spørsmålet om dette vil påverke villreinen.

Snøheim

Miljøvernarar prøvde å stane utvidinga av turisthytta Snøheim, men tapte i Oslo tingrett. Dei meinte at ei utviding ville påvirke ei villreinstamme som allereie er under hardt press.

Foto: NRK

Den Norske Turistforening (DNT) vil ikkje nødvendigvis vere med på at deira verksemd kan vere med og truge villreinen.

– Med den store interessa det er for 2000 meter høge toppar så trur eg at straumen av folk inn mot Rondane vil vere stor, om det er hytter der eller ikkje, seier dagleg leiar i DNT Oslo og omegn, Sverre Larsen.

Sverre Larsen

Sverre Larsen i DNT innrømmer at dei har eit ansvar for å ikkje forstyrre villreinen meir enn nødvendig.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Han innrømmer likevel at dei har eit ansvar for å vere med og avgrense trafikken, dersom det er slik at dei trugar villreinen.

– Viss det er det som skjer så er eg einig i at vi har eit ansvar.

Samtidig ynskjer DNT seg fleire medlemmer og fleire brukarar av fjellet.

– Vi er med og skaffar vener av naturen som skjønar at villreinen må takast vare på.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Mulig streik kan ramme Gjøvikbanen

    En streik i Bane NOR kan ramme Gjøvikbanen, skriver OA. Mandag er det mekling mellom Spekter og LO Stat/YS hos Riksmekleren. Blir ikke partene blir enige innen midnatt natt til 27. februar, kan ansatte i Bane NOR bli tatt ut i streik.

  • Lillehammer sikret bronsemedalje

    Lillehammer sikret seg bronsen i årets hockheyliga etter tap 3-4 for Sparta idag. Storhamar er forlengst seriemestere. I sluttspillet gjelder det å være best av sju kamper. Tirsdag til uka venter oppgjør mot Storhamar på hjemmebane.