NRK Meny
Normal

– Stemmer på eit parti som godtek meg for den eg er

GAUSDAL (NRK): Distrikt- og skulepolitikk er viktige saker for 18 år gamle Bar Hassan frå Follebu. Men aller viktigast er det å finne eit parti som aksepterer henne slik ho er.

Bar Hassan frå Follebu skal stemme for fyrste gong

SKAL STEMME FOR FYRSTE GONG: 18 år gamle Bar Hassan frå Follebu gler seg til å stemme førstkommande måndag.

Foto: arne sørenes / nrk

Val

Ho kom til Noreg med familien då ho var lita, og har budd i Follebu i snart 15 år. No gler ho seg til å få bruke stemmeretten:

– Endeleg er eg 18 og kan stemme ved Stortingsvalet som folk har snakka om i alle år. Eg har sett fram til det fordi det er viktig for meg å stemme på eit parti som godtek meg for den eg er. For eg er jo både somalisk og norsk.

Bar Hassan går siste året ved Gausdal videregående skole, og er ei av fleire veljarar NRK har snakka med i prosjektet «Stemmer». Målet er å prøve å finne ut kva folk er opptekne av før dei skal stemme 11. september.

Sjå fleire Stemmer på nrk.no/ho

Skule- og distriktspolitikk

Fråværsgrensa i den vidaregåande skulen er ei av sakene Bar er oppteken av. Ho synest ikkje at den byggjer på tillit mellom lærarar og elevar slik den blir praktisert i dag:

– Tillit er uhyre viktig dersom vi skal klare å skape ein god skule.

Og det er viktig for henne å finne eit parti som bidreg til å byggje opp distrikta:

– Ja til betre kollektivtransport, sjukehus nære folket, og gode fritidstilbod til ungdommen!

Hijabdebatten

Tidleg i valkampen fekk den då usendte NRK-serien «Faten tar valget» mykje merksemd og kritikk fordi programleiaren Faten Mahdi al-Hussaini har på seg hovudplagget hijab. Serien utløyste ein veritabel klagestorm både til NRK og Kringkastingsrådet, og al-Hussaini sjølv vart til dels grovt hetsa på nett og i sosiale medium.

Les mer om Faten her: – Folk vil tvinge av meg hijaben

For Bar Hassan, som sjølv brukar hijab, var det sjokkerande å sjå reaksjonane programserien vart møtt med:

Hijab er ein viktig del av identiteten til 18 år gamle Bar Hassan frå Follebu.

NATURLEG MED HIJAB: Hijaben er blitt ein naturleg del av identiteten til gausdølen Bar Hassan

Foto: arne sørenes / nrk

– Det er jo berre eit plagg, men folk trur tydelegvis det er ei tikkande bombe under her. Det er heilt sjukt. Eg brukar hijab fordi det er eit religiøst plagg som høyrer til religionen min. Det er blitt ein del av meg og identiteten min.

I kveld går andre episode av serien «Faten tar valget» på NRK1. Sjå den her

Ho understrekar at ho brukar plagget av fri vilje, og at ingen har tvinga henne til det. Men for førstegongsveljaren frå Follebu har dette no blitt den viktigaste saka i valkampen:

– For meg er det avgjerande å stemme på eit parti som lar meg bruke kva som helst klesplagg, utan at religionen eller bakgrunnen min skal ha noko å seie for om eg er undertrykt eller ei. Eg ser etter eit parti som vil skape like moglegheiter for alle uansett bakgrunn, og som er opptatt av å skape toleranse på tvers av ulike kulturar og religionar.

Måndag er Bar klar for å stemme.

Bar Hassan fra Follebu skal stemme for første gang

PÅ SKULEBIBLIOTEKET: NRK møtte Bar Hassan på biblioteket til Gausdal videregående skole. VIDEO: ARNE SØRENES/NRK.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Publikumsrekord på hockeyfest

    Folk strømmer til for å se lokaloppgjøret mellom Lillehammer og Storhamar i eliteserien i ishockey i kveld. Håkons Hall er for anledningen islagt og 10.000 publikummere skal på kampen når Lillehammer Ishockeyklubb feirer 60 år.

    Folk strømmer til Hockey Classic
    Foto: Karianne Stordal / NRK
  • Sølv til Eide på sprinten

    Mari Eide tok sølv i NM i sprint på Beitostølen lørdag. Rekruttlandslagsløperen fra Øystre Slidre, som går på hjemmebane denne helgen, hadde kun regjerende olympisk mester Maiken Caspersen Falla foran seg på resultatlista på den klassiske sprinten.

  • NM-gull til Kokslien

    Mikko Kokslien fra Søre Ål vant NM-gull i kombinert på Beitostølen lørdag ettermiddag. Kokslien gikk inn til seier etter et spurtoppgjør mot Jørgen Graabak.