Hopp til innhold

– Kunne vore meir fleksible

Smilefjes-ordninga har gjort restaurantbransjen meir bevisste og kundane tryggare. Likevel meiner bransjen Mattilsynet kan bli meir fleksible når dei er på tilsyn.

Smilefjes-ordninga har gjort restaurantbransjen meir bevisste og kundane tryggare.

Sidan smilefjes-ordninga vart innført 1. januar i fjor, har Mattilsynet vore på over 16.000 tilsyn over heile landet. Ordninga har gjort det tryggare for kundane å ete mat på kafé og restaurantar, meiner Bente Fauske som er avdelingssjef i Mattilsynet region Øst.

Bente Fauske

Bente Fauske, avdelingssjef i Mattilsynet region Øst, meiner ordninga har gjort det tryggare å ete på kafé og restaurantar.

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

– Vi synst ordninga fungerer godt, det gir ein stor openheit om resultat av tilsyn gjennom at folk kan sjå på plakatane og på nettet, seier Fauske.

I sju av ti tilfelle er Mattilsynet fornøgd og deler ut smilefjes.

– Det er ikkje noko rart, det er mange som har ting på stell og får smil ved første tilsyn. Om det ikkje er det får dei ofte ein strekmunn som betyr at noko må rettast opp, og då gjer dei det og får smil ved neste besøk, fortel Fauske.

Strekmunn ved første besøk

«Kai & Mattis kafé» i Hamar har det smilande beviset som viser at dei har alt på stell. Men ved det aller første besøket fekk dei berre ein strekmunn. Det var ikkje kaféeigaren, Kai Hansen nøgd med.

– Vi hadde jo alt i orden her, med både reinhald, hygiene og vareflyt. Alt bortsett frå å merke rettane med allergener, så då fekk vi «strekfjes», fortel Hansen.

Merknadane kaféeigaren i Hamar fekk, kunne vore retta opp i løpet av kort tid. Hansen synst Mattilsynet kunne vore meir fleksibel.

– Det er ein fin ordning, men Mattilssynet kunne vore meir fleksible med mindre det er noko alvorleg. Når vi fekk merknad kunne vi har ordna det samtidig som dei var her eller same dag, med det gjekk ikkje, så dei var litt hoverande på det synst vi, seier Hansen.

Restauranteigar

FORNØGD: Kaféeigar Kai Hansen (t.h) har smilefjes frå Mattilsynet på døra.

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

Ordninga kan bli betre

Når Mattilsynet kjem på tilsyn, er det fire område innan matlovgivninga som kontrollerast av inspektøren:

  • Leiing og rutinar
  • Lokale og utstyr
  • Mathandtering og tilberedning
  • Sporbarheit og merking.

Næringslivets hovudorganisasjon har god kontakt med føretaka som får besøk. Sjølv om dei meiner ordninga har mykje positivt for seg, kan den like vel gjerast betre.

Tilsynsresultat restaurant

SMILEFJES: «Kai & Mattis kafé» er ein av mange restaurantar i Hamar med smilefjes frå Mattilsynet.

Foto: Bjørn Opsahl / NRK

– Nokon har opplevd det som greitt, andre meiner det ikkje fungerer. Det som har vore generell tilbakemelding på det med tilsyn er at det er for mykje fokus på kontroll, og for lite fokus på rettleiing, seier kommunikasjonsrådgivar i NHO Innlandet, Linn Alicia Slora Kristiansen.

Sjølv om smilefjesordninga kan bli betre har den uansett gjort restaurantane meir bevisst.

– Ja det må vi ha blitt alle saman, kundane legg jo merke til det ansiktet, smiler Hansen.