Hopp til innhold

Trur ikkje det blir verre å rekruttere politistudentar etter 22. juli-kritikk

Politiet får kraftig kritikk i 22. juli-kommisjonen sin rapport. Det vil ikkje gjere det vanskelegare å rekruttere politifolk, meiner professor Tore Bjørgo ved Politihøgskolen.

tore bjørgo

Politiprofessor Tore Bjørgo seier at mykje svikta 22. juli. Han trur likevel ikkje dette vil gjere det vanskelegare å få folk til å bli politi.

Foto: NRK

– Politiet kunne reagert raskare og viktig informasjon vart ikkje vidareformidla. Det er blant konklusjonane i 22. juli-kommisjonen sin rapport som vart lagt fram denne veka.

– Det er ein massiv og voldsom kritikk som rammar mykje av politiet si verksemd. Mykje svikta 22. juli, særleg når det gjeld kommunikasjon, samordning og leiing, seier professor ved Politihøgskolen, Tore Bjørgo.

– Beundrar jobben politiet gjorde

Denne veka starta dei nye politistudentane ved Politihøgskolen i Kongsvinger på utdanninga. 22 år gamle Geir er ein av dei. Han seier at det som skjedde 22. juli er ein av grunnane til at han vil bli politi.

– Eg har alltid hatt det i bakhovudet, da eg var liten såg eg alltid opp til politifolk. Etter 22. juli har eg vorte meir inspirert. Eg beundrar den jobben politiet og andre einingar gjorde, det har gjort meg enda meir inspirert til å starte utdanninga.

– Men politiet har ikkje berre fått ros etter den jobben dei gjorde 22. juli?

– Nei, ting kunne vore gjort annleis. Ein må ta tak i ting som kan bli betre og lære av det.

Auka søking til Politihøgskolen

Professor Tore Bjørgo ved Politihøgskolen trur ikkje kritikken politiet har fått dei siste dagane vil gjere det vanskelegare å rekruttere nye politifolk.

– Det trur eg ikkje. Vi har sett at søkinga til Politihøgskolen har auka i år, rekrutteringa er framleis bra. Eg har sjølv prata med overlevande ungdommar frå Utøya som vil bli politi. Interessa er framleis stor, heldigvis.

– Kva tenkjer studentane om kritikken som har kome?

– Det er urovekkjande for dei å sjå at systemet ikkje fungerer godt nok. Sjølv om dette var ein heilt ekstrem situasjon, føler dei eit behov for å vere betre førebudd. Det er ofte dei nyutdanna som kjem inn i dei kritiske situasjonane som fyrste linje, og det er eit paradoks at det ofte er dei minst trente og minst erfarne som kjem fyrst til staden når noko skjer.

Svekka tillit til politiet

I ei undersøking Norstat har gjort for NRK kjem det fram at fire av ti har svekka tillit til politiet etter 22. juli-kommisjonen sin rapport. Samtidig seier 55 prosent at dei ikkje har endra tillit til politiet etter rapporten.

Politiprofessor Tore Bjørgo er ikkje i tvil om kva som skal til for at politiet vinn att tilliten og blir enda betre i framtida.

– Det trengst utdanning på alle nivå, men det var på leiingsnivået det svikta mest. Det er på tvers av etatane, det var mangel på samordning heilt opp til den politiske leiinga.

Flere saker fra Innlandet