NRK Meny
Normal

– Idealet i dag er å leve som Peer Gynt

GÅLÅ/NRK: Regissør Sigrid Strøm Reibo meiner nordmenn er likare Peer Gynt i dag enn då Ibsen skreiv stykket i 1867. Derfor har ho flytta handlinga i den nye oppsettinga på Gålå fram til vår eiga tid.

Far og son Oftebro som Peer Gynt på Gålå

PREMIEREKLARE: Fredag er det premiere på den heilt nye oppsettinga av Peer Gynt på Gålå. Nils Ole Oftebro (t.v.) deler rolla med sonen Jakob.

Foto: Bård Gundersen / gundersenogmeg

– I dag skal alle alltid vere opne for nye og betre moglegheitar. Vi skal aldri forplikte oss til noko for evig. Då blir du sett på som dum, seier Sigrid Strøm Reibo.

Fredag kveld var det premiere på den splitter nye oppsettinga av Ibsen-klassikeren «Peer Gynt» på utescena på Gålå i Gudbrandsdalen. Strøm Reibo har regien, og har valt å flytte handlinga fram i tid. No møter vi ein ung Peer på 1960-talet, som lever gjennom tiåara fram mot vår eiga tid.

Regissør Sigrid Strøm Reibo

REGISSØREN: Sigrid Strøm Reibo under prøvane til Peer Gynt på Gålå.

Foto: Bård Gundersen / gundersenogmeg

Strøm Reibo meiner at stykket er minst like aktuelt for folk i dag, som det var på 1860-talet. Grunnen er, seirer Reibo, at då Ibsen skreiv stykket for 150 år sidan representerte Peer unntaket, den eine i mengda som skilde seg ut. Mens det i vår tid nærast har blitt eit ideal å leve slik Peer Gynt gjorde:

– Han er jo ein fyr som heile tida er på leit etter nye moglegheitar, og møter han vanskar så bøyer han av.

Reibo meinar at dette typisk for nordmenn på 2010-talet.

– Du skal heile tida fornye deg, og ord som ansvar, plikt og lojalitet har fått ein ganske tung klang. Det betyr nærast at du ikkje fullt ut lever ut potensialet ditt om du lar slike verdiar verke inn på livet ditt..

Ho er redd vi mistar noko på vegen, dersom vi gløymer desse verdiane.

– Men det gjer vi jo i dag, akkurat slik Peer Gynt gjorde.

Far og son Oftebro som Peer

Tittelrolla deler far og son Oftebro mellom seg. Jakob spelar den unge, mens Nils Ole Oftebro gestaltar den meir tilårskomne Peer Gynt. Begge deler synet til Strøm Reibo, og er glade for at regissøren prøver å gjere Peer aktuell for folk i dag:

– Det handlar jo om å ta val, seier Jakob Oftebro. Kva for val ein tar, og kva for liv ein eigentleg lever? Peer Gynt vil jo opp og fram, han vil gjere karriere. Men det går jo på bekostning av noko og nokon. Det trur eg mange kan kjenne seg igjen i.

Nils Ole Oftebro legg til at Peer også er den klassiske outsideren, han som ikkje passar inn og som ynskjer seg eit anna liv ein annan stad:

– Eg trur det er djupt menneskeleg, seier han, dette behovet for å komme ut frå der ein bur og sjå kva som er på den andre sida av åsen. Samstundes er det jo slik at Peer heile tida tilpassar moralen sin ut frå kva som passar han. Og det gjer vi jo i dag, dei aller fleste av oss.

Premiereklart for Peer Gynt i kveld

FULL FART PÅ GÅLÅ: I denne videoen kan du sjå utdrag frå den heilt nye forestillinga som har premiere fredag kveld. Peer Gynt blir spela fram til 13. august, og alle forstillingar er utselde. VIDEO:ARNE SØRENES/NRK.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Brann i enebolig slukket

    Brannen i en enebolig i Stange i Hedmark er slukket. Beboer skal ha fått i seg litt røyk, og sjekkes av helsepersonell på stedet, opplyser politiet.

  • Brann i enebolig i Stange

    Det brenner i en vegg i en enebolig i Stange i Hedmark, melder politiet klokken 02.45 natt til lørdag. Det er ingen åpne flammer, men en del røyk. Brannvesenet er i gang med slukking. Ifølge politiet er det ingen personer i huset.

  • Mot kald helg

    Det blir stort sett kuldegrader i Hedmark og Oppland i helga, seier meteorologen. Laurdag blir det truleg skya med enkelte sludd og snøbyer, og det kan også bli tåke i låglandet. Men likevel kan vi vente nokre solgløtt inn i mellom. Søndagen blir det bra vêr ifølgje meteorologen.