Hopp til innhold

– Hårreisande å stemple sine eigne innbyggjarar som rasistar

Ordførar i Øyer kommune får sterk kritikk etter at ho i NRK-dokumentaren «Svarteperspelet» sa at det finst rasistar i kommunen. No beklagar ho.

Ordfører Brit Kramprud Lundgård på kontoret

FÅR KRITIKK: Brit Kramprud Lundgård (Ap), ordførar i Øyer kommune, får kritikk etter «rasismeutsegn» om eigne innbyggjarar.

– Eg reagerer veldig sterkt på at ein ordførar kan gå ut og stemple sine eigna innbyggjarar som rasistar fordi dei med god grunn er bekymra for å få ei rekkje utagerande og valdelege asylsøkjarar i nabolaget, seier Innvandringspolitisk talsmann for Framstegspartiet, Jon Helgheim.

– Finst rasistar også i Øyer

Helgheim reagerer på eit utsegn i dokumentaren «Svarteperspelet» der ordførar i Øyer kommune, Brit Kramprud Lundgård (Ap), sa følgjande:

«Eg ser jo det at det er ein del framståande politikarar som har meldt seg veldig på. Men eg ser vel også at det er nokre andre krefter. Ein kan jo ikkje stikke under ein stol at det finst rasistar også i Øyer. Det gjer det. Og difor er jo det også kanskje ein litt underliggjande bit her, utan at eg tørr å vere sikker på det», seier Brit Kramprud Lundgård i dokumentaren.»

Dette var eit svar på spørsmål om kven det er som står bak skepsisen til asylmottaket som var planlagd etablert i kommunen. Om det er nabogruppa eller om det er nokon andre.

Jon Helgheim

KRITISK: – Eg var usikker på om eg høyrde rett da eg høyrde kva ordføraren sa, seier Jon Helgheim.

Foto: Birgitte Simensen Berg / Drammen kommune

– Eg var usikker på om eg høyrde rett da eg høyrde kva ordføraren sa, seier Jon Helgheim.

– Det er hårreisande å stemple sine eigne innbyggjarar som rasistar. Vi har ei rekke eksempel på at ei slik type bekymring er rettkomne, seier Helgheim, som tidlegare har uttalt Noreg ikkje bør ta imot flyktningar i det heile teke.

Ordføraren beklagar

Brit Kramprud Lundgård (Ap) seier til NRK at det absolutt ikkje var meininga å stemple innbyggjarane i Øyer som rasistar.

– Eg beklagar kommentaren.

Ordfører Brit Kramprud Lundgård på kontoret

BEKLAGAR: Brit Kramprud Lundgård beklagar utsegna i dokumentaren.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Ho legg også til at ho forstår at nabogruppa var bekymra for mottaket på Sølvskottberget og at det ikkje var meininga å mistenkeleggjera dei.

– Det var heller ikkje meininga å mistenke nabogruppa for å vere rasistar.

Ho seier at ho i kommentaren som kjem fram i dokumentaren sikta til omfattande netthets da ho sa det ho sa.

– Da eg vart intervjua om den saka, var eg kjent med ganske formidabel netthets, og det var den eg eigentleg sikta til.

Harald Eikerol, som er talsperson for nabogruppa som kjempa for meir informasjon om det planlagde mottaket, er glad for at ordføraren no beklagar.

Harald Eikerol drikker kaffe på sætra

GLAD FOR BEKLAGING: Harald Eikerol er glad for at ordføraren beklagar sitt utsegn.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Vi var litt overraska over denne kommentaren, eg har ikkje høyrt eit ord om rasisme før eg høyrde ho sa det i dokumentaren. Eg tykte det var trist at ho sa det.

– Men det er veldig greitt at ho no beklagar denne kommentaren, seier Ekerol.

Kva skjer i eit lokalsamfunn når innbyggarane får vite at dei skal få eit asylmottak for utagerande asylsøkarar i nabolaget? Folk i Øyer fekk i sommar vite at det skulle etablerast eit asylmottak med 15 bebuarar og over 50 tilsette i bygda. No er planen skrinlagt, og asylsøkarane bur i vanlege omsorgsbustader fleire stader i landet. Nokre kom til eit nabolag i Greåker i Østfold. Dette er historia om spelet rundt flyktningane dei fleste meiner vi skal gi asyl, men som ingen vil ha i sitt nabolag.

Kva skjer i eit lokalsamfunn når innbyggarane får vite at dei skal få eit asylmottak for utagerande asylsøkarar i nabolaget? Folk i Øyer fekk i sommar vite at det skulle etablerast eit asylmottak med 15 bebuarar og over 50 tilsette i bygda. No er planen skrinlagt, og asylsøkarane bur i vanlege omsorgsbustader fleire stader i landet. Nokre kom til eit nabolag i Greåker i Østfold. Dette er historia om spelet rundt flyktningane dei fleste meiner vi skal gi asyl, men som ingen vil ha i sitt nabolag.

Flere saker fra Innlandet