NRK Meny
Normal

Ny raudliste: Gaupa sterkt trua

På fem år har gaupebestanden gått frå kategorien sårbar, til å vere sterkt trua, ifølgje oppdatert raudliste.

Gaupe med unger

TRUA: Gaupa har gått frå å vere sårbar til å vere sterkt trua, ifølgje raudlista.

Foto: Forsberg, Espen / SCANPIX

Ny raudliste frå Artsdatabanken vart offentleggjort i dag. Lista gir ein oversikt over dyr og plantar som i større eller mindre grad er trua.

Førre liste er frå 2010, og sidan den gong har bestandar endra seg. Gaupa er ein av dei, og gått frå kategorien sårbar, til no å vere sterkt trua.

Naturvernforbundet meiner at jakt på gaupe må ta slutt. Dei opplyser at 82 gauper er tillaten drepne det siste året. Bestanden er rekna ut til å vere på rundt 350 dyr, spreidd ut over heile landet.

Arnodd Håpnes

Arnodd Håpnes meiner ein må jakte mindre på gaupe. For stor prosentandel vart drepne dei siste åra.

Foto: Jo Straube

– Dette kan ikkje fortsette. Å skyte nesten hundre dyr årleg, er ikkje samsvar med moderne naturforvaltning. Særleg ille er det når gaupa får forverra status på raudlista, seier Arnodd Håpnes, fagleier i Naturvernforbundet.

Endrar ikkje fellingskvoten

Harald Klæbo arbeidar med rovvilt hos fylkesmann i Oppland. Han seier at dei ikkje vil endre fellingskvoten for 2016. Det vart vedteke 13. november at det skal kunne fellast 12 gauper neste år.

– Vi vil ikkje endre kvoten for neste år, men Rovviltnemda kan på ein kvar tid gå inn og gjere endringar viss ein ser større endringar i bestanden. Vi vil ta med oss endringane på raudlista i vurderinga når me skal bestemme fellingskvoten for 2017, seier Klæbo.

Bestanden i Oppland har vore jamn, han har lege på over fem gaupefamiliar som er målet for Oppland.

Rypa inn på raudlista

Li- og fjellrypa er begge artane inne på raudlista, det skriv forskning.no. Dei har tidlegare ikkje vore på lista, men står no som nær trua.

I løpet av dei ti siste åra, har bestanden minka med 15–30 prosent. Torstein Storaas er forskar ved Høgskulen i Hedmark seier til forskning.no at han ikkje trur at det vil påverke forvaltinga av ryper.

Sjå heile raudlista på Artsdatabanken sine heimesider.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Kollisjon ved Roverud

    Tre biler har kollidert på rikvei 2 ved Roveryd. Ifølge politiet er det trolig ikke snakk om personskader.

  • E6 åpen etter ulykke

    Veien var stengt ved Rudshøgda i retning mot Hamar etter to trafikkuhell, men er nå åpen igjen.

    Ulykke Rudshøgda
    Foto: Jorun Vang / NRK