NRK Meny
Normal

– Flaumen like ille som krigen

– Dei materielle skadene etter flaumen i Bosnia er minst like ille som etter krigen på 1990-talet. Det seier norsk-bosniaren Jusuf Arifagic frå Gjøvik.

Serbia og Bosnia er hardt rammet av flom

Serbia og Bosnia er hardt ramma av flom

Foto: ALEXA STANKOVIC / Afp

Mange landsbyar i det sentrale Bosnia er fullstendig øydelagde av jordskred. Alt er begravd under store lag med jord. Skal vi rekne alt som er øydelagd av jord og vatn i reine pengar, er eg redd sluttsummen blir større enn etter krigen. Det er ei katastrofe, rett og slett.

Jusuf Arifagic sukkar tungt i telefonen frå Sarajevo, hovudstaden i republikken Bosnia-Hercegovina. I går ettermiddag køyrde han frå heimbyen Kozarac i Prijedor kommune i det nordlege Bosnia, til hovudstaden lenger sør i landet. Overalt såg han øydelagde vegar og flaumskadde hus.

Jusuf Arifagic i det nye fjøset i Trnopolje

Jusuf Arifagic i det nye fjøset han har bygd i Bosnia.

Foto: Arne Sørenes / nrk

Norske kyr er trygge

Jusuf Arifagic har budd over 20 år i Noreg, hovudsakleg på Toten og i Gjøvik. No byggjer han opp ein av verdas største farmar utanfor Noreg som baserer produksjonen sin på den norske kurasa Norsk Raudt Fe. I desember eksporterte han 96 norske mjølkekyr til det gigantiske fjøset i Trnopolje, ikkje langt frå Kozarac. I juni ventar han fleire norske kyr til gards.

Arifagic fortel at farmen ikkje vart direkte råka av flaumen, men elva Sana gjorde store øydeleggingar i kommunesenteret Prijedor då ho gjekk ut over breiddene sine sist fredag:

Omlag fem tusen eigendommar er øydelagde i Prijedor, men likevel var vi heldige. Vi arbeidde hardt for å berge eldre og andre hjelpetrengande, og prøvde så godt vi kunne å redusere dei materielle skadene. Heldigvis gjekk ingen liv tapt i vår kommune.

Frykt for infeksjonar

Så langt har rundt 50 menneske mista livet i storflaumen som er den verste som har ramma Serbia og Bosnia på 120 år. No er vassmassene på retur mange stader, og følgjene av vatnet sine herjingar kjem til syne. Jusuf Arifagic fortel at etter dagar med regn, så har ei varmebølgje lagt seg over Bosnia. Då NRK snakka med han klokka ni i dag tidleg, var temperaturen alt oppe i 28 grader i skuggen. No er mange redde for farlege sjukdommar:

Tusenvis av husdyr, sauer, geiter og kyr er døde, og dei må gravleggjast veldig fort. Vi er redde for infeksjonar og smitte, for vi har heller ikkje tilgong på trygt vatn.

Døde kuer i Bosnia

Døde kyr i Bosnia

Foto: AP / Ap

I dag bad presidenten i Bosnia NATO om hjelp til å fjerne tusenvis av husdyr som har dødd i flaumen. Dyra råtnar i vatnet, og det er stor fare for spreiing av alvorlege sykdommar som tyfus og hepatitt.

Flaumen kan skape forsoning

Nesten tjue år etter at krigen i Bosnia slutta med Dayton-avtala i 1995, er motsetningane framleis sterke mellom dei ulike folkegruppene. Landet er stadig delt i ein bosnisk og ein serbisk republikk , og har aldri tatt noko endeleg oppgjer med lovbrota som fann stad på begge sider under krigen. Jusuf Arifagic trur den nye katastrofa faktisk kan bidra til forsoning og betre relasjonar mellom innbyggjarane:

For første gong etter krigen har dei ulike folkegruppene igjen vore bosniarar. Først og fremst bosniarar, ikkje serbarar, kroatar eller bosniakkar. Folk har jobba saman, dei har stått på for naboane sine, og reist til andre landsbyar for å hjelpe dei som har vore hardare ramma enn seg sjølv. Eg er rett og slett imponert og stolt, og ser at folk no har byrja å tenkje sjølv. Kanskje måtte det ei katastrofe til for at vi skulle leggje alt dette bak oss?

Fjøset i Trnopolje med plass til nesten 700 kyr

Fjøset til Jusuf Arifagic vart ikkje øydelagd av flommen.

Foto: Arne Sørenes / nrk