Hopp til innhold

– Like glad som da eg vann sjølv!

For andre gong vart Stjernekamp vunne av ein artist frå Gjøvik og Toten. Nora Jabri, som vann i 2014, var blant dei som jubla høgast.

Knut Anders Sørum vann Stjernekamp

Hundrevis møtte opp for å følgje den spanande finalen i Fjellhaven på Gjøvik.

Foto: Stein Schinstad / NRK

I Fjellhaven på Gjøvik var hundrevis av menneske samla for å få med seg den spanande finalen i Stjernekamp på NRK 1. Fjellveggane dirra da programleiar Kåre Magnus Bergh utropte totningen Knut Anders Sørum som vinnar.

Nora Jabri frå Gjøvik, som sjølv vann Stjernekamp for to år sidan, sat i bilen på veg frå ein spelejobb da finalen gjekk, men fekk med seg dei siste fem minutta.

– Eg følte med han da han stod og venta på resultatet. Eg fekk eit flashback frå da eg stod der sjølv. Det var heilt fantastisk at han vann, eg var like glad som da eg vann sjølv.

Nora Foss Al-Jabri i Stjernekamp

Nora Jabri vann stjernekamp i 2014.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

– Inne på topp ti

Sigbjørn Hemstad har følgd det han kallar Totenpopen i over 50 år, og skriv nå bok om dette fenomenet. Han sat og jubla framfor fjernsynet da Sørum vann i går kveld. Han peikar på at det har vore eit fantastisk musikkmiljø i området heilt sidan Brio band vart norske og nordiske meistrar midt på 1960-talet.

Etter det har artistar som Vazelina Bilopphøggers, Inger Lise Rypdal, Ronni le Tekrø og Maj Britt Andersen vore med og prega norsk populærmusikk.

– Dei siste åra har det også vore mange store talent, men få av dei som har klart å slå heilt gjennom nasjonalt, seier Hemstad.

Når han skal rangere dei største musikarane i det tradisjonsrike området, klatrar naturleg nok Sørum på listene.

– Han er nok framleis bak Vazelina, Inger Lise, TNT og nokre til. Men han er den einaste frå området som har vunne Melodi Grand Prix, så han er nok på topp ti nå. Men det er eit veldig høgt nivå.

Nye talent på gang

Nora Jabri er ein av dei frå den yngre generasjonen musikarar som har slått gjennom

– Det er eit raust miljø. Det er ingen innanfor musikkmiljøet som tenkjer at dei er betre enn nokon annan. Dei tek imot folk på ein fin måte og det er eit veldig godt miljø.

– Er det nye musikktalent frå Gjøvik eller Toten som bør vere med i nye sesongar av Stjernekamp?

– Det er det garantert. Det bør skrivast ei stjernekamp-kontrakt om at det bør vere med nokon frå distriktet kvar gong – uansett!

Knut Anders Sørum jubler etter å ha vunnet Stjernekamp 2016

Knut Anders Sørum vann Stjernekamp 2016.

Foto: Julia Marie Naglestad / NRK

Flere saker fra Innlandet