NRK Meny
Normal

– Ei av dei viktigaste Prøysen-tolkarane er borte

RINGSAKER (NRK): På Prøysenhuset er det sorg etter at Nora Brockstedt gjekk bort torsdag. – Ho var blant dei sangerinnene Prøysen samarbeidde aller best med, seier dagleg leiar Hogne Moe.

Nora Brockstedt og Alf Prøysen

Nora Brockstedt samarbeidde tett i mange år. Her i ein 'tango for to'.

Foto: Storløkken, Aage / SCANPIX

Torsdag kveld sovna den folkekjære artisten Nora Brockstedt inn, 92 år gammal. Blant mykje anna er ho kjend for sine populære versjonar av sangane til Alf Prøysen.

Hogne Moe

Dagleg leiar Hogne Moe på Prøysenhuset seier at det er eit stort tap at Nora Brockstedt nå har gått bort.

Foto: Hogne Moe / NRK

– Nora var ei av dei sangerinnene som Bjarne Amdahl og Alf Prøysen samarbeidde best med. Ho hadde ein heilt unik posisjon, og det er eit stort tap at ho er borte, seier dagleg leiar på Prøysenhuset, Hogne Moe.

– Lykketreff

Han fortel historia om da Prøysen og Brockstedt møttest i NRK-huset, og Nora forlangte at han laga ein ny song til henne. Prøysen sa at han mangla inspirasjon for tida.

– Da sa Nora at ho skulle gje han inspirasjon, og sa at «ho vakna med ein fiol bak øyret». Neste gong dei møttest hadde Prøysen skreve ein song som starta nettopp med dei linjene.

Mest kjend frå samarbeidet mellom dei to musikarane er kanskje «Tango for to», som var ein av dei største slagerane her i landet på slutten av 1950-talet. Det var ei låt Prøysen eigentleg ikkje var særleg godt tilfreds med.

– Det må ha vore eit lykkeleg treff da Alf høyrde kor flott Nora tolka songane hans. Det var eit ordentleg stjernetreff. Det som gjorde at det gjekk så godt var ein kombinasjon av at dei likte kvarandre som menneske, i tillegg til det kunstneriske samarbeidet, seier Hogne Moe.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND