Hopp til innhold

– Eg trudde heile kroppen var knust

Vågå (NRK): Dennis Risvoll hoppa rett i fjellvegen og fekk brot i ryggen. Nå ser han berre fram til å kunne stå på ski att.

Dennis Risvoll st. Johann

Dennis Risvoll hadde store problem med å kommunisere med sjukepleiarane på sjukehuset St. Johann. Ingen av dei snakka engelsk.

Foto: St. Johann

Han er Noregs råaste frikøyrar, og einaste nordmann som deltek i Freeride World Tour (FWT). Under eit viktig renn i Fieberbrunn i Østerrike gjekk det gale.

Norsk frikjører brakk ryggen

– Det var siste droppet, det var det som skulle vera det kule i runet mitt, men eg bomma ganske bra, smiler Risvoll.

Dennis Risvoll

Risvoll er nå heime att i Vågå etter smertefulle dagar på sjukehus.

Foto: Even Lusæter / NRK

Uhellet skjedde 8. mars, og etter smertefulle dagar på sjukehus, er Risvoll nå kome heim att til Vågå.

Alt eller ingen ting

Av dei som kjenner sporten, blir Risvoll karakterisert som den drøyaste av dei drøye i verdstouren. Han tek dei største sjansane, det er alt eller ingenting.

En drøm og en brukket tå

I fjor vann han konkurransen i Fiberbrunn, og i fyrste del av årets konkurranse såg det også ljost ut. Kommentatorane var over seg av begeistring etter ein klokkerein backflip. Så var det berre å setja krona på verket i siste droppet.

Men Risvoll bommar på linja med eit par meter, og møtet med fjellvegen er ikkje til å unngå.

– Eg visste at eg hadde brote ryggen, det kjentes ut som eg hadde knust ræva og heile korsryggen. Armen kjente eg ikkje at var knekt før eg hadde lege på sjukehuset ein periode, så smertene i ryggen var ganske store.

Eg tenkte at nå er det over og ut

Risvoll hugsar alt frå heile hendinga, og beskriv den perioden før han vart henta av sikkerheitspersonell som "ei ganske jævlig periode". I starten kjente han ikkje til beina sine, og mange dystre tankar dukka opp.

– Det er ikkje noko eg gidd å snakke så mykje om, det er mykje rart som går gjennom hovudet.

Dennis Risvoll gikk rett i en fjellvegg i Freeride World Tour

Her krasjar Dennis Risvoll.

Risvoll beskriv perioden på bakken som ei evigheit, men veit eigentleg ikkje kor lenge han låg. Smertene var så brutale at han var nær ved å svime av.

– Det kjentes ut som eg begynte å bli blind, alt vart kvitt og til slutt såg eg ingen ting, sjølv om eg var bevisst. Så svartna det heilt, og da tenkte eg at nå er det over og ut.

Fekk hjelp av broren

På sjukehuset i St. Johann vart han liggande i to-tre timar med fleire brot og indre blødingar før noko skjedde. Det var fyrst da broren kom og tok tak i situasjonen at han fekk hjelp. Men etter kvart kunne legane slå fast at det var eit stabilt brot.

– Da sprakk eg litt. Eg hadde ikkje forventa at det var så bra som det var. Det var ei gladnyheit oppi alt som var drit, ler Risvoll.

– Kva tenkjer du nå om karrieren vidare? Skal du på ski att?

Ja, det er berre meir motiverande nå. Nå er det berre å gro saman att og koma seg ut så fort som mogleg. Det er ikkje nokon vits i å vera redd for at slike ting skal skje. Det er ein del av sporten, seier Risvoll.

No. dokumentar. Dennis Risvoll skal delta i verdens største og mest prestisjefulle frikjøringskonkurranse, Freeride World Tour 2016. Bare de beste frikjørerne i verden deltar, og Dennis er den eneste nordmannen som har kvalifisert seg til årets løp. Han er overtroisk, men kaster seg likevel utfor de bratte bakkene. Hvorfor er han villig til å risikere alt i disse konkurransene? Vi blir med på ei reise fra Vågå i Gudbrandsdalen til de store, farefulle konkurranseløypene rundt i hele verden.

Dokumentaren Heedless. Livet som ekstrem skikjører.

Flere saker fra Innlandet