Hopp til innhold

– Dette blir ein kjempedag for Birken!

Tusenvis av syklistar er på veg over fjellet frå Rena til Lillehammer. Og dei ser ut til å få ein fin tur, utan gjørmebadet som har plaga deltakarane dei siste åra.

– Vi som har sykla dei siste to åra, med nokre få varmegrader over fjellet, vi berre gliste i dag. Det var fantastisk fint, utan nedbør og med ein herleg temperatur.

Det seier Ole Kristian Silseth, som var ein av dei fyrste som kom over fjellet i dag, etter å ha brukt omlag 3 timar og 15 minutt. Han var strålande tilfreds med turen.

– I den flottaste delen av løypa, i området rundt Kvarstadlia, var det tåke. Men ellers var det flott, og eg er alltid tilfreds når eg syklar gjennom her, seier den tidlegare toppsyklisten frå Molde.

18 grader og opphaldsvêr

– Det er over all forventning. Vêrvarselet har ikkje vore på vår side i det siste, men i dag ser det veldig bra ut, seier dagleg leiar Tone Lien i Birkebeinerrittet.

Klokka sju i dag starta dei fyrste av over 17.000 birkebeinarar det 94,6 kilometer lange slitet frå Rena til Lillehammer. Og mange av dei har dårlege minner frå dei siste åra, da regn og gjørme har vore altoppslukande ingrediensar.

Og med skumle vêrvarsel tidlegare denne veka, var birkebeinarane særs godt tilfreds med 18 grader og opphaldsvêr ved start i dag tidleg.

Gode forhold i løypa

Rittleiar Sølvi Amundsen Aas er letta over at det ikkje regnar ved start.

– Vi har sjekka løypa, og det er veldig gode forhold. Eg trur det skal halde også for dei som startar seint i dag, seier ho.

Frå klokka 12 og utover er det meldt meir regn, men Tone Lien trur ikkje det vil øydelegge forholda for dei syklande.

– Vi har brukt 1,5 millionar kroner på å ruste opp løypa slik at den skal halde. Eg trur dette blir ein kjempedag for Birken.

NRK sender direkte

For dei som ikkje orkar å ut i løypa som deltakar eller publikum, er det likevel mogleg å få med seg høgdepunkta frå Birkebeinerrittet. NRK1 sendar nemleg direkte frå målområdet frå ca klokka 15.30 til klokka 19.

Programleiar Pål Gordon Nilsen sykla sjølv fredagsbirken i går, og meiner det er ein flott måte å førebu seg på direktesendinga.

– Eg får ei kjensle med korleis løypa er, samtidig som eg får prata med mange av deltakarane.

Pål Gordon Nilsen og hans panel vil svare på spørsmål frå sjåarane undervegs. Er det noko du lurar på kan du sende inn dine spørsmål her!