Hopp til innhold

– Dei har det heilt jævlig

Sigurd Klomsæt gav lagmannsretten det glatte lag etter at det tok ni månader før syskena til drepne Nils Olav Bakken fekk eigen bistandsadvokat. – Dei har og har hatt det heilt jævlig, seier Klomsæt.

Sigurd Klomsæt

Syskena til den drepne Nils Olav Bakken har hatt det svært tungt etter drapet, seier familiens bistandsadvokat Sigurd Klomsæt. Han er uforståande til kvifor det tok lagmannsretten fleire månader å utnemne advokat for familien.

Foto: Elin Fossum / NRK

– Det er nokre menneske i offentlege stillingar som må sjå seg sjølv i spegelen og gå i tenkeboksen for korleis dei behandlar menneske der ute, seier Klomsæt.

Hovedtiltalt: – Jeg må stå for det jeg har gjort

Klomsæt har vendt seg til retten tallause gonger, utan å lykkast, og fyrst nå 1. juni vart han av lagmannsretten nemnd opp som bistandsadvokat for dei to syskena.

– Det er veldig spesielt at vi blir motarbeidd på oppnemning i ein slik sak som veldig tidleg stod fram som ein grotesk sak. Ein bror som er påtent og knivstukke, seier bistandsadvokaten.

Etter avslag i lagmannsretten, oppnemnte til slutt same rettsinstans Klomsæt som forsvarsadvokat til syskena, men Klomsæt kan ikkje forstår kvifor det tok så lang tid.

Vilkåra har alltid vore til stades.

Bistandsadvokaten meiner at vilkåra for å gje oppnemning har vore til stades frå september i fjor.

Kvifor trur du det tok så lang tid?

– Det har eg inga god forklaring på, eg meiner vilkåra har vore til stades heile tida, så det må du spørja andre om, seier Klomseth.

Bistandsadvokaten trur utfallet ville vore annleis om ikkje politi og statsadvokat sjølv hadde engasjert seg.

Har det heilt jævlig

Syskena til den drepne Nils Olav Bakken har hatt det svært tungt etter drapet. Og at det tok så lang tid før dei fekk nemnd opp bistandsadvokat, har ikkje gjort det betre.

Klomsæt meiner det er nokre menneske i offentlege stillingar som må sjå seg sjølv og freiste å setja seg inn i korleis livet har vore og er for dei menneske som er råka av dette.

– Vi har legeattestar på korleis dei har det og har hatt det

Nå vil Sigurd Klomsæt vera i retten for å jobbe for at syskena blir tilkjent erstatning.

– Eg vil nytte meg av den moglegheita eg har til å få fram at det erstatningsgrunnlag, og at dei tre tiltala skal bli dømt til det, avsluttar Klomsæt.

Flere saker fra Innlandet