Hopp til innhold

83 år gamal CD-artist

Han har vore spelemann heile livet. Nå er Jakob Skogum 83 år gamal. I helga vart hans fyrste CD lansert på Folkemusikktreffen i Vågå. 

 

Felespelar Jakob Skogum
Foto: Pål Hovengen Plassen/NRK

 

I alle år har han vore ein kjent og kjær spelemann i norddalen. Men det er ikkje som eit vanleg spelemanns-oppdrag han hadde på fredag. Saman med han på scena stod brødrane Arne, Einar, Øyvind og Johan. Det er deira CD som vart lansert. "Skogumsbrødrane - slåttespel frå Gudbrandsdalen" heiter CD'en som kom på fredag. Og det var ei populær hending blant publikummet på Folkemusikktreffen.

 

 Starta tidleg

Skogumsbrødrene voks opp på gardsbruket Runningen på Lalm og dei hadde eit rikt folkemusikkmiljø i heimen og grenda. Foreldra Estin og Anna hadde til saman 13 born. Sju av sønene vart spelemenn.

- Det var eit livat hus. Da bror min Pål og eg kom heim frå skulen tok vi fela hans far ned frå veggen for å prøve oss frem. Da han oppdaga dette vart han sint, men det vara ikkje lenge. Da han oppdaga at vi hadde talent så vart han veldig begeistra. Plutselig var det populært det vi heldt med på, fortel Jakob Skogum.

Både under og etter krigen drog dei rundt for å underhalde på dansefestar.

 Aldri noko "idol"

Musikktalent som Jakob Skogum ville kanskje prøvd seg på Idol eller noko liknande om dei hadde vakse opp i dag. For Skogum var det aldri aktuelt å satse for fullt på musikken. Han har vore i byggebransja og vore jordbrukar heile sitt liv.

- Eg har sett eit program som heiter "Idol" og eg må si at det var rare greier. Dei er ikkje redde for å dumme seg ut, det skal de ha, skrattar Jakob Skogum.

Skogumsbrødrane har alltid vore kjende for ein god replikk, og den har ikkje forsvunne - sjølv ikkje når ein når 83 år.

Negativt for folkemusikken

Men det er ikkje tull når Jakob Skogum fortel om utviklinga i folkemusikken de siste åra. Der er det mykje han ikkje er like glad for.

- Det er opplagt at dei er betre til å spela nå. Men den gamle "dåmen" blir borte i folkemusikken. Alle spelar likt. Det er ikkje slik som med dei gamle spelemennane. Der hadde alle sine eigne stilar. Det trur eg folkemusikken har tapt på, seier Skogum.

De store gutta

Man skulle kanskje tru at ein slik heilstøpt spelemann frå Vågå berre studerte gamle spelemenn. Men slik er det ikkje med Jakob Skogum:

- Når eg er einsleg høyrer eg ikkje på folkemusikk eg, veit du. Da høyrer eg på dei store gutta. Mozart, Bethoven og Brahms er mine favorittar. Eg står og gnikkar for å få det til. Det er vanskeleg og utfordrande, men det er så utruleg vakkert, seier Jakob Skogum.

Flere saker fra Innlandet