Den sjuke 63-åringen som forsvann frå heimen sin på Kopperud fredag kveld, vart funne i live klokka 09.15 lørdag morgon, berre eit par hundre meter frå heimen sin.
Mannen vart kjørt til sjukehuset på Gjøvik, og medisinsk vakthavende ved sjukehuset opplyser at det står bra til med 63-åringen.
Fleire politipatruljar, hundeekvipasjar og mannskap frå Røde Kors har deltatt i leitinga etter mannen.
Lørdag morgon vart aksjonen intensivert, og to helikopter vart sett inn i leitinga.
Mannen er dårleg til beins på grunn av sjukdomen han lir av, og gjekk frå heime utan medisin.