Hopp til innhold

50-åringar smugrøyker for foreldra

Halvparten av alle som røyker gjer det i smug.

Smugrøyking

Mange prøver å skjule omgjevnadene at dei røyker. (Illustrasjonsbilete).

Foto: Veslemøy Christiansen / NRK

- Eg skal berre ut og trekkje frisk luft.

Unnskuldingane er mange når folk skal ut for å tilfredsstille røykesuget. For det er slett ikkje slik at alle tør å stå inne for at dei er avhengig av den vesle nikotinpinnen.

Ei undersøking Norstat har laga for legemiddelprodusenten Pfizer viser at 47 prosent av alle som røyker i Noreg heilt eller delvis gjer det i smug.

Smugrøyker for foreldra

Undersøkinga viser at redselen for sinte foreldre heng i, også etter at avkommet har vorte godt vakse. 24 prosent av dei som skjuler røykinga gjer det nemleg for foreldra. Mange av desse er over 50 år.

- Det overraskar meg at folk i den aldersgruppa fortsatt smugrøyker. Men fleire og fleire er oppteke av helse og velvære, og mange vil da skjule at dei røyker, seier lege Kjetil Høye.

Han har jobba med mykje med å få folk til å slutte å røyke, og trur at sosialt press gjer at mange ikkje vil stå for at dei røyker.

- Eg meiner det er med rette at det blir sett eit stempel på dei som røyker, for det er jo farleg. Du kan røyke i smug, men det beste er jo å slutte, seier Høye.

Les meir om røykestopp på Puls sine nettsider.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

- Var tøft å røyke

Tal frå Helsedirektoratet viser at omlag kvar femte nordmann over 18 år røyker, men Høye trur likevel at røykens rykte er på veg ned.

- Det er ikkje lenge sidan det var tøft å røyke, nå har det meir fått preg av å vere ein risikosport.

- Er det mange av dine klienter som innrømmer at dei smugrøyker?

- Det er nokre som innrømmer det, men det er mange som ikkje tør. Og eg prøver jo etter beste evne å slå eit slag for røykestoppen, for det er jo ikkje greit å få i seg ammoniak, arsenikk, cyanid og nikotin, seier Kjetil Høye.

Sjå kor mange som smugrøyker i ditt fylke:

Smugrøykere

Oslo

61 500

Akershus

55 000

Hordaland

53 000

Rogaland

50 000

Sør-Trøndelag

35 000

Østfold

34 000

Buskerud

31 000

Møre og Romsdal

29 000

Vestfold

27 000

Hedmark

24 000

Oppland

23 500

Telemark

23 000

Vest-Agder

21 500

Nordland

18 600

Nord-Trøndelag

15 000

Aust-Agder

14 500

Sogn og Fjordane

12 500

Troms

12 000

Finnmark

6 300

Ekspander/minimer faktaboks

Flere saker fra Innlandet