Hopp til innhold

Den gongen barnehagar var eit problem i Gran

Gran (NRK): Den einaste barnehagen i Gran vart lagt ned i 1974. Eit av argumenta var at oppsedinga av barn var familiens oppgåve og plikt.

Barnehagestrid i Gran i 1974

– Det påstår eg var ein diskriminering av kvinner og barn altså. Ver heime, pass på ungane dine der, det var det verste altså.

Kari Oliv Støen kleppe, som eigde Augedal barnehage som vart lagt ned i 1974, hugsar den våren godt. Ho venta sitt andre barn, og ynskja å selje barnehagen til kommunen. Men kommunen sa nei, og Gran vart ståande utan ein einaste barnehageplass.

Striden vakte stor merksemd, og mellom andre Dagsrevyen tok turen til Gran. Reportasjen kan du sjå nedst i saka.

Augedal barnehage

Kommunen ville ikkje kjøpe barnehagen, og vart derfor ståande utan barnehagetilbod.

Foto: NRK

Ei ny tid

Saman med Åse Ingeborg Raastad Velsand, som var sosialarbeidar i kommunen, kjempa barnehageeigaren om å opprethalde tilbodet i kommunen.

Raastad Velsand fortel at barnehagetilbodet var ein ekstra ressurs for barnevernstenesta i kommunen, samtidig som fleire mødrer var ute i jobb, og at behovet for barnehageplassar difor auka.

– Det var ei brytningstid, der kvinner søkte ut, det var viktig for kvinner å få egen inntekt, nesten uansett kor lita den inntekta var, forklarar ho.

Augedal barnehage 1974

Leik i Augedal barnehage, dagar før den måtte stenge i 1974.

Foto: NRK

Skapa politisk splid

Ordførar i Gran i 1974, Gunnar Sagbakken (Ap), meinte dei ikkje hadde stemt for ein nedlegging, men at tilbodet skulle "utstå ei tid". Dette tydde i praksis at barnehagen stengde dørene, og det skapte politisk uro i kommunen

– Formannen i sosialstyret og formannen i barnevernsnemnda bad seg friteke for sine tillitsverv. Formannen i sosialstyret Arne Aas melder seg ut av Arbeidarpartiet og trekte seg som formann for partiet i Gran, melde Dagsrevyen.

For barnehageforkjemparane var det ei vanskeleg tid.

– Eg vart intervjua av nokon elevar om eg hadde vorte mobba nokon gong. Nei, sa eg, men då eg fekk tenkt meg om, så trur eg det var slik det kjendest. At det eg sa, berre var tull.

Kjempa for barnehage i kommunen

Åse Ingeborg Raastad Velsand og Kari Oliv Støen Kleppe kjempa for barnehagetilbodet i kommunen.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Barnehagelova

I 1975 kom barnehagelova. Og då Kleppe opna barnehagedørene att same år var det ei heilt anna verd som møtte ho.

– Da var det ingen som diskuterte det her. Kommunane vart pålagt å bygge ut barnehagar. Så det vi gjekk igjennom, gjorde det i alle fall lettare ved neste korsveg, seier Kleppe.

Ho fortsette å drive barnehage fram til 2011 då Augedal vart lagt ned. Ho skryt av samarbeidet med kommunen etter konflikten i 1974.

43 år etter AugedaI barnehage vart lagt ned etter eit kommunestyrevedtak, er det 16, barnehagar i kommunen og full barnehagedekning.

Augedal barnehage i Gran kommune forslås nedlagt

Dagsrevyen si sak frå Gran, Sommaren 1974.

Flere saker fra Innlandet