Hopp til innhold

27 mann jaktar på ulven

Eit 27 mann stort jaktlag startar klokka 12 eit nytt søk etter ulven som har teke fleire sauar i Lesja.

Sau tatt av ulv
Foto: Aud Einbu,Vigga.

I går vart det gjeve fellingsløyve på ulven og jaktlaget vart organisert stutt tid etterpå.

Det ga ikkje noko resultat. Men i dag tidleg vart ulven på nytt sett i området som sauene vart tekne i.

Det er Steinar Selsjord som eig dei drepte sauane.

Klokka 12.00 startar jakta på nytt og målet er å ta ut rovdyret kjappast mogleg.

Flere saker fra Innlandet