Politiet ber om at folk som passerte området og kan ha sett noko mistenkeleg, tar kontakt.
Etter klokka 04.00
Innbrotet skjedde litt etter klokka fire i natt, men innbrotstjuvane kan ha spana før det, seier politiet.
Folk frå lensmannskontoret driv framleis i banken for å sikre seg tekniske spor.
Ein alarm vart utløyst i samband med ranet og dette fekk ein av dei tilsette i banken til å dra til banken. Men då han kom fram var tjuvane dratt.
Etterlyser bil
Lensmann i Vestre Toten, Dagfinn Dyrud, seier til NRK Hedmark og Oppland at dei etterlysar ein raud sportsbil av merket Nissan.
Bilen er lett å hugse, mellom anna fordi bilen har lykter som går opp og ned. Truleg er bilen DJ-registrert.
- Vi er interessert i alle opplysningar om denne bilen, både sør og nord for Raufoss. Denne bilen kan ha vore på Raufoss tidlegare på kvelden og, slik at vi vil ha dei tips vi kan få, seier Dyrud.