Hopp til innhold

2 av 123 kreftkoordinatorar er menn

SØR-ODAL (NRK): Bjørn Holtbråten er Kreftkoordinator i Sør-Odal kommune. Han er éin av berre to mannlege kreftkoordinatorar i Noreg.

Bjørn Holtbråten

EINSAM: Holtbråten er berre ein av to mannlege kreftkoordinatorar.

Foto: Ann-Kristin Mo / NRK

Ein kreftkoordinator skal hjelpe kreftpasientar å legge til rette kvardagen, og gje informasjon om tilboda som finst. I Noreg er det rekna 123 i den stillinga si ho vart oppretta i 2012. Berre to av dei er menn.

Bjørn Holtbråten er ein av dei. Han erfarer at fleire pasientar gjerne vil ha ein mann å prate med.

– Menn pratar som menn, og kvinner pratar som kvinner. Av og til har menn behov for å prate med andre menn, meiner Holtbråten.

Dårleg rekruttering

Marianne Inez Lien er kjønnsforskar, og har forska på kjønn i helsesektoren. Ho seier at det er fleire, og samansette grunnar til at menn ikkje vel helsefagleg utdanning. Berre ti prosent av sjukepleiarane i landet er menn, og det er enda dårlegare rekruttering til spesialfeltet kreftsjukepleie.

– Når det gjeld pleie av vaksne er det framleis eit svært segregert arbeidsmarknad. Det er veldig få menn som går inn i det feltet, seier Inez Lien, som er gjesteforskar ved Universitetet i Oslo.

Ho seier at det heller ikkje blir fleire menn som utdannar seg innanfor helsesektoren. Mange sluttar òg i løpet av utdanninga.

Inez Lien trur utdanninga må vurdere kva som gjer at så mange menn fell av. Ho trur blant anna at måten Sjukepleierforbundet står fram og kulturell historie gjer at helsesektoren ofte har eit feminint uttrykk.

Ein stor jobb framfor oss

Stortingsrepresentant for Venstre, Ketil Kjenseth, synest det er synd at ikkje fleire menn ønsker seg til helseyrke.

Ketil Kjenseth

SYND: Kjenseth synest det er synd at ikkje fleire menn vil arbeide med helse.

Foto: Signe Karin Hotvedt/NRK

– Det er synd at ikkje fleire menn ønsker å arbeide innan helse og omsorg, da dette er eit spennande felt. Grunnen til at vi ikkje har fleire menn i desse yrka, ligg nok attende i tid. Vi står derfor ovanfor ei stor oppgåve for å rekruttere fleire til dette feltet.

Kjenseth, som sitt i Helse- og omsorgskomiteen på Stortinget, meiner meir informasjon og betre karriererettleiing i utdanningsløpet kan vere svaret.

Holtbråten ønsker seg fleire mannlege kollegaer.

– Ja, det er klart. Det er viktig at eit yrke ikkje er dominert av eitt kjønn, seier Holtbråten.

Flere saker fra Innlandet