Det er ildsjeler på Biri som onsdag får kommunepolitikarane i Gjøvik til å vurdere skateparkforslaget.
Formannskapet i Gjøvik kommune ser i dag på saka der det tidlegare kjøpesenteret på Biri er foreslått som eit mekka for skateboardaktivitet, bmx-syklistar og rollerbladeentusiastar.
Saknar ein arena
Kjøpesenteret på Biri har vore stengt sidan mai 2002. Med tolv tusen kvadratmeter til disposisjon er det meir enn nok plass til bmx-syklar, skateboard og rollerblades.
- Dette ville vore eit bra tilbod for ungdommen, seier prosjektleiar for Biri X-Park, Rune Langerud.
- Vi saknar ein arena, og vi meiner denne parken ville trekkje ungdommar frå både Norge, Sverige og Danmark, legg Langerud til.
- Det er ein veldig morsom idé, seier KrF-politikar Jorid Sønstegaard som sit i formannskapet i Gjøvik kommune, men det er dette med økonomien da.
Tør ikkje love
- Vi håpar politikarane ser potensialet i anlegget, og at kommunen vil ha ei rolle i prosjektet, seier prosjektleiar Rune Langerud.
- Vi har tøffe økonomiske tider framfor oss, så eg tør ikkje love at eg går inn for det, seier Jorid Sønstegaard.