NRK Meny
Normal

100 år - ein diktar for ungdommen

I utkanten av kyrkjegarden i Lom, står ein gråstein med innskrifta Tor Jonsson. Til pynt er det berre eit lite einerkjerr.

Tor Jonsson-jubileet i Lom

I mai 2016 var det 100 år siden dikteren Tor Jonsson ble født. Det ble markert med jubileum i Lom.

Sjølv om det i dag er hundre år sidan diktaren vart født, og det føregår storstilt feiring av han rundt om i landet, er det ingen ting på grava som vitnar om jubileum. Det er ikkje tilfeldig, seier leiar av Tor Jonsson-laget Håvard Teigen.

Helst ville han nok hatt ein brennnesle her, seier han leande.

Håvard Teigen, leder i Tor Jonsson-laget

Ottar Grepstad, leiaren i nynorsk kultursentrum er ein av dei som tar del i feiringa.

Foto: Even Lusæter

Han skriv det ein stad at han ville det skulle vekse brennesler på grava hans som kunne brenne unge jenter som gjekk forbi.

«Du arva fattigdomen ifrå mor og far, som kviler under ugrastorva på ein kyrkjegard.»

Skreiv ikkje for å bli likt

Ein av dei som tek del i feiringa av lyrikaren frå Lom, er leiaren i nynorsk kultursentrum Ottar Grepstad. Han meiner Tor Jonsson har blitt tatt betre vare på av heimbygda si enn han sjølv hadde venta.

«Eg vakna opp att i morgonskotet og spytta: Tvi! Eg gjev den blankaste fan med feitt på i bygda mi.»

– Han skreiv ikkje for å bli hylla av ettertida, men for å endre samfunnet, seier Grepstad.

Tor Jonsson i Lom

Dikteren Tor Jonsson har satt solide spor.

Foto: Even Lusæter

Ottar Grepstad seier at det viktigaste Jonsson gjorde var å modernisere diktinga, og det gjorde han ved å skrive kritisk om bygda. Det hadde ikkje mange gjort før han, og han gjer det i eit veldig moderne språk. Det trur Grepstad også er forklaringa på at han lever som poet i dag.

Grepstad meiner også at det er unikt at ein avdød diktar framleis treffer nye og unge lesarar.

– Det er i seg sjølv ein prestasjon. Og det er ikkje sjølvsagt at ein diktar blir feira hundre år etter han vart født. Det er lett å tru at det er mange, men dei aller fleste som har skrive nynorsklitteratur blir ikkje feira på hundreårsdagen, seier Grepstad.

Ein diktar for ungdommen

Rita Mundal er bibliotekar på folkebiblioteket i Lom som i 2012 vart kåra til Årets bibliotek. Ho har jobba mykje med Jonsson, og ho hevdar Jonsson er ein ungdomsdiktar.

Rita Mundal, bibliotekar i Lom

Rita Mundal, bibliotekar i Lom, sier det er stor interesse for Tor Jonsson også i dag.

Foto: Even Lusæter

– Jonsson er ein diktar det er stor interesse for, det merkar eg når eg er rundt på arrangement, eller når eg legg ut Tor Jonsson-sitat på Twitter. Og diktsamlingane hans blir solgt ut og trykt opp att gong på gong. Så han er ein av svært få som er levande og aktuell framleis, i alle fall som lyrikar, seier Mundal.

Ho meiner det har vore viktig at mange unge musikarar har tonesett dikta og gjort dei tilgjengelege for eit yngre publikum. Du høyrer rett som det er at ungdomane går rundt i biblioteket og syng på dei songane. Det trur eg har vore ein inngangsport for mange av ungdomane her lokalt.

– Kva er det med tekstene som appellerer til ungdom?

– Kanskje mest fordi han var ung sjølv då han skreiv.

Imponerande menneskeklokskap

Magnhild Storrosten og Marit Mageli har kome langvegsfrå for å ta del i Jonsson-jubileet, og seier mange av deira venninner er opptekne av Jonsson og har lese mykje av han, og spesielt mange unge venner.

Magnhild Storrosten og Marit Mageli

Magnhild Storrosten og Marit Mageli kom langveisfra for å delta i Jonsson-jubileet.

Foto: Even Lusæter

Ho trur han appelerer til ungdom nettopp fordi mange av dei tema Jonsson skriv om er særleg framtredande i ungdomsåra, slik som å ikkje strekke til, kjensla av å vere underlegen, usikkerheita.

– Og så er Jonsson heile tida i opposisjon, og det trur eg også mange unge kjenner seg att i, seier Marit Mageli.

Magnhild Storrosten seier det er lett å relatere mange av dei temaa Jonsson skriv om til sitt eige liv

– Eg kan kjenne att sårbarheita, kjensla av å ikkje strekke til. Eg les mykje klokskap i linene til Jonsson. Ein djup menneskeklokskap som er nydeleg skildra, seier Storrosten.

– Mange har dystre tankar i ungdommen, og mange unge kjenner seg nok att i måten han skildrar tilværet på. For mange unge er det nok godt å lesa at nokon set ord på slike kjensler, og at ein da ikkje er einsleg om det, seier kusinene.

«Tyngst var den lange natta da ingen kom. Men jarnnetters sorg i mitt hjarte talar eg aldri om.»

Mest lesne lyrikar

Håvard Teigen er leiar i Tor Jonsson-laget, og seier at Jonsson er så stor nasjonalt at han ikkje lenger har oversyn over alle arrangementa dette jubileumsåret. Mange unge visekunstnarar har tonesett nye dikt av han, og eg høyrer stadig om nye arrangement frå heile landet som eg ikkje har hatt kjennskap til.

– Korleis tykkjer du folk i Lom og Nord-Gudbrandsdalen tatt vare på diktaren sin?

– Når det gjeld lomvere flest, så er inntrykket mitt at dei er lite kulturelt interessert i den type kultur som dei store diktarene våre representerte. Det er svaret når det gjeld folk flest, men så er det sjølvsagt mange her som set pris på Tor Jonsson.

Dei som har greie på slikt, seier at dikta til Tor Jonsson er dei mest lesne i Noreg no om dagen, så Nasjonalt er han stor.

«Var eg ein Gud ville eg skapa ei stillare verd.

Der skulle alle elske.

Var eg ein Gud ville eg skapa

kjærleik og død

berre kjærleik og død»

Dikteren Tor Jonsson, jubileum

100 år etter sin fødsel ble dikteren Tor Jonsson hyllet med jubileum i Lom i helga.

Foto: Even Lusæter

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Fem personer til sykehus

    Politiet opplyser at bilen har kommet fra en sideveg, sklidd over Rv 2 og ned i en undergang. Fem personer er kjørt Kongsvinger sykehus, skadeomfanget er uklart. Vegen er åpen i begge retninger.

  • Bil av veien ved Magnor

    En bil av har kjørt av veien på Rv 2 ved Magnor. Nødetater er på vei. Det er meldt om glatte veger i området og noe redusert fremkommelighet på stedet.

  • Kolonnekjøring over Haukelifjell

    På grunn av uvær er det nå kolonnekjøring på E134 over Haukelifjell, melder Statens vegvesen.