Hopp til innhold

-Senterpartiet driv med taktikkeri

Torstein Rudihagen (Ap) ber regjeringspartiet ta ansvar.

Torstein Rudihagen
Foto: Øystein Skotte / NRK

Leiar i Oppland Senterparti, Ivar Odnes, er ein av dei som meiner partiet må trekkje seg frå regjeringa, dersom jordbruksoppgjeret ikkje blir bra nok.

Dette er taktikk frå Senterpartiet si side, meiner stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet i Oppland, Torstein Rudihagen.

- Viss det skulle bli eit jordbruksoppgjer som bøndene ikkje er nøgde med, så skal dei kunne stå fram etterpå og seie at dei har jobba for det, men ikkje nådd opp. Og dersom oppgjeret blir bra kan Senterpartiet ta æra, og seie at det er deira forteneste, seier Rudihagen.

Han meiner dette er ein velkjend taktikk, som Senterpartiet burde halde seg for gode til.

- Viktig sak

Fleire sentrale Senterparti-tillitsvalte står i dag fram i NRK og seier at regjeringsdeltakinga er truga. Leiar i Oppland Senterparti, Ivar Odnes er ein av dei.

- Dette er ei så viktig sak for oss, at vi må vurdere om vi skal fortsetje i regjeringa dersom vi ikkje får gjennomslag, seier Odnes.

Finanspolitisk talsmann for Senterpartiet på Stortinget, Per Olaf Lundteigen, meiner at grasrota i partiet aldri har vore så utolmodige.

- Vi har moglegheitene til å få til ein god politikk, spørsmålet er om vi klarer å gjennomføre det folk forventar, seier Lundteigen.

- Bør ikkje trekkje seg

Torstein Rudihagen er ikkje imponert over denne retorikken, og peikar på at Senterpartiet har både landbruksministeren og kommunalministeren.

- Senterpartiet har jo faktisk statsrådene i dei partia som betyr mest for dei, og da skulle dei jo alle moglegheiter til å få gjennomslag for politikken, seier han.

Han meiner også at det vil vere uklokt av Senterpartiet å trekkje seg ut av regjeringa, dersom dei vil ha betre økonomi for kommunane og bøndene.

- Det er jo berre å sjå kva som har skjedd dei siste åra i forhold til den førre Bondevik-regjeringa. Den raudgrøne regjeringa borgar for ein best mogleg politikk på desse områda, seier Torstein Rudihagen.

Flere saker fra Innlandet