Hopp til innhold

- Klare til å destruere norske klasevåpen

Nammo-gruppen på Raufoss håper det internasjonale klasevåpen-forbodet vil opne nye marknader.

Nammo-gruppen
Foto: Arne Sørenes / NRK

I går vart 109 land enige om eit internasjonalt forbod mot klasevåpen. I Noreg ligg det 50000 slike våpen på lager, utan at dei har ei avtale om destruksjon.

- Slik det er i dag er Sverige og USA og andre NATO-land på vår kundeliste. Vi håper Noreg kjem på bana snart også, seier infomasjonssjef i Nammo, Sissel Solum.

- Stor marknad

Sissel Solum

Informasjonssjef i Nammo-gruppen Sissel Solum.

Foto: Arne Sørenes / NRK

Nammo-gruppen har 1700 tilsette og er representert i 6 land. Ein del av deira forretningsområde er destruksjon av ammunisjon og gammalt materiell.

- Vi håper forbodet mot klasebomber vil skape eit nytt potensiale for oss. Vi veit at det er mykje gammalt materiell på området. Vi håper at vi som verdsleiande på området vil kunne vere ein aktør også i framtida, seier Sissel Solum.

Ho fortel at dei også ynskjer å hjelpe andre som vil byggje opp liknande destruksjonsanlegg. - Vi har jo 40 års erfaring og stor kompetanse på dette, så mange vil kunne lære av vår kompetanse.

Nå håper dei også at Noreg, som er ein av pådrivarane til det internasjonale forbodet, vil gjere grep for å øydeleggje sine klasevåpen. - Vi er klare til å destruere også norske klasevåpen, seier Sissel Solum.