Hopp til innhold

-Gjensidige kjem med skambod

Landsforeningen for trafikkskadde meiner Gjensidige ofte kjem med skambod, og at dei prøver å utnytte at ikkje alle trafikkskadde orkar å gå rettens veg.

Familien Wigenstad

16 år gamle Jens Wigenstad sammen med familien etter å ha vunnet saken mot Gjensidige.

Foto: Runar Henriksen Jørstad / NRK

Gjensidige forsikring vart i går dømt til å betale 16 år gamle Jens Wigenstad over 11,6 millionar kroner i erstatning. Wigenstad fekk alvorlege hjerneskader da han sykla på ein bil, og Gjensidige ville i utgangspunktet berre betale rundt 2,5 millionar.

- Lovbrot

- Gjensidige begår jo på ein måte lovbrot i desse sakene, dei er jo pliktig til å kome med full erstatning, og det kan ein ikkje seie at dei gjer her. Det seier regionsekretær i Landsforeningen for trafikkskadde, Karin Bjørnødegaard. Ho peiker på at det berre er ein månad sidan Gjensidige tapte ei liknande sak i Askim.

Bjørnødegård meiner Wigenstad-dommen som kom i går er ei viktig sak for alle som kjempar mot forsikringsselskapet for å få høgare erstatningsbeløp. 

- Ikkje kjøp forsikring i Gjensidige

Torsdag gjekk Landsforeningen for trafikkskadde ut på Dagbladet.no og sa at folk ikkje burde kjøpe bilforsikring i Gjensidige, og at selskapet var ein versting i slike saker.

Informasjonsdirektør Øystein Thoresen i Gjensidige reagerer  på oppfordringa frå Landsforeningen for Trafikkskadde.

- Dette er å gå alt for langt. Det er ekstremt provoserende å høyre, seier Thoresen til Dagbladet.no.

Flere saker fra Innlandet