Busselskapet Nettbuss på Gjøvik, som er ei avdelinga av Nettbuss Ringerike, meiner ei utsetjing av anbodskøyring i Gjøvik-regionen kan få uheldige konsekvensar for dei tilsette.
- Må ha ein ryddig prosess
Trafikksjef Anstein Kvam skriv i eit brev til fylkeskommunen at dei tilsette hadde sett fram til å få meir langsiktige avtaler.
Nettbuss meiner anbodsutlysinga bør utsetjast til etter skulestart i august i år og at nye kontrakter gjeld frå 1. mai neste år.
- Vi må ha ein ryddig prosess i overtakinga og tilsetting av dei tilsette i tapande selskap. Ved nye anbod skal det og investerast i nye bussar, meiner Kvam.
Vanskeleg tid
Han peikar og på at sumaren er ei vanskeleg tid å drive tingingar på.
- Mykje ferieavvikling hjå leverandørar og samarbeidspartnarar føer til at arbeidet ikkje blir effektivt. Dei svara vi må ha vil ikkje vere klare, seier Kvam.
Han gjer det klart at dei må kreve ei tilleggsavtale for å halde fram med køyringa som i dag.
- For oss blir det naudsynt å reforhandle dagens prisar, seier Kvam.