AUF-leiaren var i går var med på politisk dag på den vidaregåande skulen på Otta. Der kom det fram at det politiske engasjementet hos ungdommen er for dårleg.
- Lokallag kjem
Ungdomsrådet i Sel og elevrådet ved Otta vidaregåande skule meiner ungdom ikkje er interessert i politikk.
I heile Nord- Gudbrandsdalen er det berre tre ungdomspolitiske lokallag. Men Larsen er ikkje samd i at det er dårleg interesse.
- Vi i AUF har no to lokallag på tur i AUF i regionen. Eg set pris på den politiske dagen ved skulen, fordi den bidreg til at folk vil engasjere seg meir, seier Larsen.
- Viktigst med debatt
Larsen seier vidare at ho håpar ungdom sluttar opp om AUF, men at det ikkje er det viktigaste.
- Meiner ungdom at Høgre har den beste politikken, så start gjerne eit Unge Høgre-lag. Framfor alt er det viktig at vi som er ungdommar blir med i det politiske ordskiftet, seier Larsen.