Biskop Rosemarie Køhn, Hamar bispedømme.
Biskop Rosemarie Køhn, Oppland Røde Kors og Norsk Folkehjelp i Oppland har skrivi under på eit opprop for at flyktningefamilien i Kolbu på Toten får bli i landet.
Fatima og Dharam Singh, som har to barn, har fått avslag på søknad om opphald og arbeidsløyve og må reise frå Norge 12. januar.
Familien Singh i Kolbu.
- I strid med barnekonvensjon
I oppropet skriv Køhn og dei friviljuge organisasjonane at det er ubarmhjertig, og i strid med FN sin barnekonvensjon å utvise familien.
Faren blir sendt til India, mens den tjetsjenske mora og to barn må reise til Russland.
Frp støttar flytningane
Også eit samla kommunestyre i Østre Toten støttar opp om den indisk-tjetsjenske familien i Kolbu.
I eit brev til kommunalministeren ber dei om at ho grip inn slik at familien får bli i bygda.
Framstegspartiet støttar også opp, og seier at desse folka brødfør seg sjølve og ikkje er ei byrde, og at dei derfor må få bli.