Nytdanna politimenn og - kvinner vil ikkje jobbe på bygda. Det fører til at fleire lensmannskontor slit med å få folk til ledige stillingar.
Ved Stor-Elvdal lensmannskontor var det berre ein søkjar da søknadsfristen til ledig vikariat gjekk ut denne veka.
Sluttar raskt
Dei siste ti åra har det stadig blitt vanskelegare å få søkjarar til stillingar ved lensmannskontora.
Lensmann Kjell Roar Myrvold, i Stor-Elvdal har også erfart at nokre av dei som tek jobbane som er utlyst sluttar etter nokre veker eller månader, fordi dei da har fått jobben dei eigentleg ønskte seg. Da er lensmannskontoret like langt, og må drive utan full bemanning.
Lokkar med høgare løn
Mangelen på folk har ført til at lensmannskontoret i Stor-Elvdal har vore nøydde til å bruke ufaglært arbeidskraft for å løyse politioppgåver. Leiar av politiet sitt fellesforbund i Hedmark, Jørn Flatha, har ei viss forståing for at det blir gjort.
Eit verkemiddel som blir brukt for å få fleire søkjarar er høgare løn. Jørn Flatha meiner enda høgare lønn ville lokka fleire.