Hopp til innhold

- Svekka eiendomsmeklarbransje

Norges Eiendomsmeglerforbund meiner dei er svekka etter lovbrotet som meklarane ved DnB Nor Eiendoms avdeling på Lillehammer har gjort seg skuldig i.

DnB Eiendom

- Eg reknar med at DnB Nor Eiendom tek lærdom av saka. Men det er bra at det blir rydda opp, for vi er ikkje tent med at denne praksisen eksisterer.

Det seier Øyvind Tandberg, formann i eiendomsmeklarforbundet.

Kredittilsynet slakta i går meklaravdelingane på fem stader i landet.

Rimelegare for meklarane

Saka med Lillehammer-meklarane starta da Arthur Buchardt ville førehandselja ti av dei seksjonerte leilegheitene på Ilsetra i Øyer, for å sjekke marknaden.

Han tilbaud da dei tilsette i DnBNor Eiendom å kjøpe leilegheiter ein god del rimelegare enn det som seinare vart prisen på dei, før leilegheitene vart lagt ut for sal.

Seks meklarar takka ja til tilbodet. Og meklaravdelinga meiner framleis at dei ikkje har gjort noko lovbrot.

Klar kritikk

Men kritikken frå Kredittilsynet er klar.

Tilsynet meiner dei seks meklarane i Lillehammer bevisst prøvde å omgå forbodet mot eigenhandel. Dette forbodet er meint å hindre at meklarar skal operere i same marknaden som kundane sine.

Øyvind Tandberg seier han er både lei seg og tilfreds med rapporten frå Kredittilsynet.

- Eg reknar med at DnB Nor Eiendom tek lærdom av saka. Men det er bra at det blir rydda opp, for vi er ikkje tent med at denne praksisen eksisterer.

Fagleg kvalitet på meklarane må stå i høgsetet, og det er viktig at forholda ligg til rette for at fagleg leiar får gjort jobben sin, seier Tandberg, som ikkje vil seia om rolla til fagleg leiar i Lillehammer-avdelinga.

- Eg har full tillit til det arbeidet Kredittilsynet har gjort. Dette må vere noko som berre skjer ein gong, seier Tandberg.

Flere saker fra Innlandet