Fleire stadar som har satsa på å legge til rette for filmproduksjon, har fått arbeidsplassar og styrka næringsutviklinga.
- Fylkeskommunen kan støtte filmproduksjon som den støtter turistnæringa, seier Tom Remlov, leiar for produsentlina ved Den norske Filmskolen på Lillehammer.
Tom Remlov meiner Oppland fylkeskommune bør satse på film på lik line med reiseliv.
- Promoter Innlandet
Filmprodusent Tom Remlov meiner fylkeskommunen bør satse på kompetanse, det vil seie å hyre personar som veit kva filmindustrien er.
- I likskap som å satse på reiseliv og andre næringer, trur eg det er best om fylkeskommunen har folk i sine rekkjer som kjenner film- og TV-miljøet. For det handler i stor grad om å vere tilstades og samtidig promotere Innlandet, seier Remlov.
- Innlandet har kvalitetar
Sjølvsagt er ei av hovedutfordringene for filmen sine kår pengar og tilgang på ressursar. Men Remlov meiner fylkeskommunen kan kome langt ved å gje pengar til prosjekt som ikkje nødvendigvis handlar om film.
- Viss ein kan rettleie filmindustrien til å finne fram til stader der det er mogleg å gjere innspelingar og opptak, er mykje gjort. Dette kan vere Intermettsider med rikt bildetilfang, informasjonsbaser med meir, seier Remlov.
Han legg til at Innlandet i dag har mange kvalitetar som ein bør markedsføre. Ein ting er nærleiken til Gardermoen og Oslo. Ein annan ting, og som Remlov meiner en bør leggje meir vekt på, er naturen.
- Filmar med norsk uttrykk
- Dei norske filmane bør ha eit norsk uttrykk, og det finn vi i Innlandet. Her har vi ikkje den sjokkopplevinga av den norske naturen, men i staden slikt vi kjenner det frå mange andre plassar her til lands, seier Remlov.
Han peikar vidare på at sjølv om mange av filmstudentane ved filmskolen på Lillehammer ikkje likar at skolen ligg der, er det mange som kjem attende.
- Det er fyrst etter at dei har vore attende i Oslo at dei oppdagar Lillehammer og Innlandet. Men det må gå tre år før dei oppdagar det som har vore rundt dei heile tida, seier Remlov.