HEILE TILBODET FRÅ STATEN FINN DU HER
Bondelagsleiar Einar Frogner i Hedmark.
- Det er nesten ikkje verdt å setja seg til forhandlingsbordet, seier ein oppgitt leiar i Hedmark Bondelag, Einar Frogner.
Han er skuffa over tilbodet frå Staten, og meiner styresmaktene ikkje ønskjer at jordbruket skal halde tritt med inntektsutviklinga til andre yrkesgrupper.
Misnøye i Oppland
Frogner får støtte frå bondelagsleiaren i nabofylket.
- Tilbodet er skammeleg og elendig, meiner leiar Pål Haugstad Oppland bondelag.
Oppland bonde og småbrukarlag er også misnøgde med Statens tilbod i landbruksforhandlingane. Dei meiner at tilbodet er både arrogant og distriktsfiendtleg.
- 1600 kroner i aukning til kvar bonde betyr at fleire bønder må kaste inn håndkledet,seier leiar Katarina Sparstad.
Ho meiner at staten legg opp til eit konkurranselandbruk som er heilt urealistisk for norske forhold.
(Foto: Scanpix)
Færre og større bruk
Staten tilbyr bøndene ei inntektsramme på 100 millioner kroner. Det betyr 1.600 kroner mer per bonde.
Kravet frå Bondelaget og Norsk Bonde- og Småbrukarlag var på over ein milliard kroner, eller 16.000 kroner meir per bonde.
- Tilbodet betyr i klartekst at det skal bli færre og større bruk i ein fart vi meiner er heilt uforsvarleg, seier Frogner.
Skal ha lik inntektsutvikling
Løyvingane til bøndene over statsbudsjettet er foreslått uendra. Men målprisen skal i sum aukast med 100 millionar kroner.
Tilbodet er basert på at jordbruket frå 2005 til 2006 skal ha ei inntektsutvikling på linje med andre grupper, står det på heimesida til landbruks- og matdepartementet.
- Dette er eit godt grunnlag for vidare forhandlingar, og eit tilbod som ligg nesten 600 millionar kroner høgare enn fjorårets utgangspunkt, seier staten sin forhandlingsleiar, Per Harald Grue.
- Viss Staten meiner tilbodet deira er eit godt utgangspunkt, så er det klart at dei ønskjer eit anna jordbruk enn det vi kjenner i dag, seier Einar Frogner.