Johannes Dyste frå Kolbu er svært letta etter vedtaket i Stortinget sin kommunalkomite i går, om at småbarnsfamiliar skal få bli i landet mens dei får aslsøknaden opp på nytt.
Får truleg bli
Det betyr at flyktningfamilien Singh truleg får bli i Kolbu.
Det har vore mykje oppstuss kring småbarnsfamilien i Kolbu. Mor og barn skal sendes til Russland, medan far blir sendt ti India.
Fleire organisasjonar, stortingspolitikarar og totningar har reagert på det umenneskelege i å splitte opp småbarnsfamilien.
Dyste har jobba hardt for at småbarnsfamilien ikkje skal bli kasta ut av landet, og meiner vedtaket i går er ein seier for demokratiet:
- Høyrer på folk
- Ja, det er ingen tvil om at det engasjementet som har vore utførd har gjeve resultater. Difor syner det at demokratiet fungerer når folkeviljen blir sterk nok, seier Dyste.
Dyste seier han og har vore overraska over det lokale engasjementet. I lokalsamfunnet har fleire stilt opp, mellom anna nonnene i Engen kloster.
Inger Enger har arbeidet mye med Singh-saken.
- Godt
Stortingsrepresentant Inger Enger seier ho er glad for at ein samrøystes kommunalkomite har støtta forslaget.
- Dette inneber ein bedre sjanse for dei familiane som hamnar i slike situasjonar, seier Enger, som framleis håpar familien får bli.