Hopp til innhold

- Nynorsken er nesten borte

– Det er ikkje til å tru at nettstaden regjeringen.no praktisk talt er utan nynorsk. Dette finn vi oss ikkje i, seier ordførar i Lom, Bjarne Eiolf Holø.

regjeringen.no

BOKMÅL I OVERFLOD: Mållaget meiner at regjeringa si hovudnettside ikkje held mål.

Foto: Skjermdump 23.03.15 fra regjeringen.no

Saman med ei rekkje ordførarar frå andre nynorsk-kommunar har han skrive eit krasst brev til regjeringa.

– Kor er regjeringa.no?

Bjarne Eiolf Holø, ordfører i Lom kommune

KREV SVAR: Bjarne Eiolf Holø, ordførar i Lom kommune.

Foto: Lom kommune

– Vi tykkjer det er sjølvsagt at hovudnettstaden frå landets regjering fylgjer intensjonen i lovverket. På toppen av alt er valportalen, valg.no , praktisk talt berre på bokmål, i eit valår, seier Holø.

Noregs Mållag meiner at det mest oppsiktsvekkjande er at nettsida vart fornya rett før jul, og at det er gått tre månader sidan da.

– Det betyr at dei har hatt god nok tid til å rette opp dette, men det har ikkje skjedd, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

– Framleis heiter det regjeringen.no, ikkje regjeringa.no.

– En halv million nynorsk-brukere

– Nynorsk og bokmål er jamnstilte målformer i Noreg. Om lag ein halv million nordmenn bruker nynorsk til dagleg. Eit stort fleirtal av kommunane i Noreg har anten nynorsk som vedteken målform (110) eller er språkleg nøytrale (157), seier Tennø.

– Ifylgje lovverket skal statlege nettstader ha 25 prosent nynorsk. Tidlegare hadde regjeringa eigne nettsider på nynorsk og eigne sider på bokmål. Vi har fått attendemelding frå fleire ordførarar om at dei sette pris på dette.

– Men er 25 prosent-regelen broten?

– Eg kan ikkje seie det med sikkerheit, fordi eg har ikkje talt opp alle artiklar på alle menyar som utgår frå hovudsida. Men det er i alle fall heilt sikkert at det er mindre enn 25 prosent på hovudsida når ein klikkar seg inn der.

Endring i publiseringa

Paul Chaffey

MEINER REGJERINGA PRIORITERER NYNORSK: Statssekretær i kommunaldepartementet, Paul Chaffey (H).

Foto: Torbjørn Tandberg / KRD

Statssekretær Paul Chaffey i kommunal- og moderniseringsdepartementet seier det framleis er eit mål for regjeringa å ha mykje nynorskinnhald på sine nettsider og minst 25 prosent.

Chaffey meiner at den noverande ordninga med ei samla nettside, der artiklane som blir publisert er skrive i berre ei målform, er betre enn den førre.

– Det er fordi vi trur nynorsk kjem betre fram med den nye løysinga. Dessutan er det også meir effektivt å lage sidene på den måten, for det betyr at det er eit sett med sider på norsk der du finn både bokmålsinnhald og nynorskinnhald, seier Chaffey.

Flere saker fra Innlandet