- Legar i lomma på forsikringsselskapa

Enkelte legar er kjøpt og betalt av forsikringsselskapa. Det meiner lege som har vorte svartelista.

- Jo meir grundig eg var dess mindre fekk eg å gjere.

Det seier spesialist i nakkeslengskader Svein Nilsson. Han får ikkje lenger skrive legeerklæringar for forsikringsselskapa.

Svein Nilsson

Svein Nilsson meiner han har vorte svartelista og at det er grunnen til at han ikkje får skrive legeerklæringer for forsikringsselskapa.

Foto: Privat

- Eg skreiv tidlegare erklæringar for forsikringsselskap, Nav og uavhengige advokatar. Såvidt eg har høyrt så ende det med at foreininga for forsikringslegar nærmast gjorde eit vedtak om at eg skulle svartelistast.

- Fordi du er for pasientvenleg?

- Det var eit av argumenta. Eit anna var at eg var for overflatisk, eit tredje var at eg var for grundig og hengde meg opp i detaljar.

- Ein del som går litt langt

Terje Tørrisen er overlege og rettspsykiater ved Sjukehuset Innlandet si avdeling på Sanderud. I sine mange år som lege og spesialist har han sett fleire døme på legar som er lojale mot forsikringsbransja og skriv legeerklæringar i selskapet sin favør.

- Det er klart at ein del av dei som er sakkyndige er gode fagfolk og kan sitt fag. Men det finst ein del som gjer oppdrag for ein part i eit sakkyndig oppdrag, og da blir dei kanskje ikkje sakkyndige lenger.

Presidenten i den norske legeforening, Torunn Janbu, tykkjer det er sterke skuldingar som kjem fram.

- Men eg kjenner til at forsikringsselskap vel å bruke legar som dei veit har ei haldning som passar dei best. Det må vi rydde opp i.

- Treng nøytral oppnemning

Kommunikasjonsrådgjevar i Finansnæringens hovedorganisasjon (FNH), Tonje Westby, meiner at forsikringsselskapa ikkje kan ha ein slik praksis.

- Forsikringsselskapa vil ikkje kunne leve med at dei kjøper og betaler legar for å vere enige med dei. Det blir ei belastning for omdømmet, og det kan dei ikkje leve med.

Ho meiner det må på plass ei ny ordning, for å unngå at det blir sådd tvil om truverdet til dei sakkyndige

- Det bør vere ein nøytral oppnemning av medisinsk sakkyndige og at ein nøytral instans vurderer dei erklæringane som blir gjeve.

Både legane NRK har prata med, forsikringsselskapa, den norske legeforening og FNH vil ha eit slikt offentleg utval for å få slutt på spekulasjonane. Men saka står framleis bom fast hjå politikarane.

- Vi har jobba for dette i ni år, og dersom vi får det til trur vi det ville bli færre konflikter, seier Tonje Westby.