Aldri før har interessa for å bygge hytter vore større i dette området enn det siste året.
Sjusjøen er ikkje det einaste hytteområdet her i landet som er i vekst. Planlegginga av 30.000 nye hytter berre i Hedmark og Oppland er ein trussel mot retten til å bruke naturen, meiner DNT.
- Vi er ikkje mot alle hyttebygging. Der det blir gjort fornuftig tykkjer vi det er veldig bra. Det vi er imot er når det skjer i område der folk er vante med å ferdast, og der vi har gode ruter som vi vil ta vare på, seier Ragnvald Jevne, leiar i Lillehammer og Omland turistforening.
Her på Sjusjøen bygges det hytter som aldri før. (Alle foto: Arvid Torsgard/NRK)
- DNT uroar seg unødig
Nå går hyttebygginga så langt at allemannsretten er i fare, meiner turistforeininga. Men lokale hyttebyggarar meiner turistorganisasjonen uroar seg unødig.
Sjusjøen er den største hyttebyen her i landet. Og byen veks. Ein av dei store aktørane i hyttebygginga er Brøttum almenning. Almenninga har 800 festetomter i sitt område og allemannsretten meiner dei er godt i tatt vare på.
- Det kan hende at ein må endre på traséen når ein går, men eg ser ikkje det som det store problemet så lenge området er ope for allmennheita, seier bestyrar Bjørn Bredvold i Brøttum almenning.
Avgjerder på nasjonalt nivå
I Brøttum almenning har dei i tillegg eit godt samarbeid med kommunale styresmakter.
- Det er det lokale kommunestyret som bestemmer, og dei har ein tendens til å ta omsyn til lokale aktørar. Så det er mogleg at ein del avgjerder faktisk bør opp på nasjonalt nivå att, seier Jevne i turistforeininga.