- Huseigaren kan få sjokk

Huset som vart brukt som cannabisplantasje i Lillehammer, kan vera påført skadar for 200 000 kroner. I dag kjem huseigaren heim.

Hus med cannabisplantasje
Foto: Stein Schinstad / NRK

Saman med huseigaren skal forsikringsselskapet fredag gå nøye gjennom huset for å kartleggje skadane.

Huset har hol i vegger og tak. I tillegg er det også fuktskadar, seier Svein Arne Nørsteng i Gjenside Forsikring.

- Huseigaren skal sjå huset innvendig for fyrste gong i dag. Synet som ventar han er ikkje pent, og vi er førebudd på at han kan få sjokk, seier Nørsteng.

Huseigar avhøyrt

Mannen som eig Lillehammerhuset som er brukt til cannabisdyrking, blir avhøyrt fredag. Han er ikkje mistenkt for noko straffbart, men politiet ønskjer å snakke med han. Politiet har tømt huset for produksjonsutstyr og har frigjeve det til huseigaren og forsikringsselskapet.

Tre vietnamesiske menn er varetektsfengsla og sikta for å ha tilknyting til cannabisplantasjen. Ein av dei tre har erkjent at han jobba som gartnar i plantasjen.