NRK Meny
Normal

- Hungnes driv historieforfalsking

Den mangeårige regissøren bak Peer Gynt på Gålå, Svein Sturla Hungnes, oppfører seg som om han eig oppsettinga, hevdar professor.

Kari Simonsen og Svein Sturla Hungnes som mor Aase og Peer Gynt i forestillingen ved Gålåvatnet.
Foto: Ulf Erik Hansen / NRK

Professor i Nordisk litteratur, Otto Hageberg, har latt seg provosere av intervju som Hungnes har gjort i samband med at det er 20 år sidan Peer Gynt første gong vart sett opp ved Gålå-vatnet.

Hageberg meiner Hungnes tar for stor del av æra for oppsettinga, og kallar det for historieforfalsking.

Regien er min

- Eg reagerer sterkt på at Hungnes seier at når han ein gong sluttar, så får ingen andre lov til å ta over konseptet, seier Hageberg.

Han meiner dette er synd, fordi Peer Gynt er eit av dei beste friluftsteatra i landet, meiner professoren.

I intervjuet sa Hungnes at han at ikkje vil la ein annan regissør overta Peer Gynt-regien når han ein gong gjev seg. Og dette står Hungnes framleis fast på.

- Regien er min, det kan ingen koma og klusse med eller la ein annan få ta over, seier Svein Sturla Hungnes.

Han meiner ikkje dermed at framsyninga må stoppa når han gjev seg, men den må førast vidare i same konsept.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND