Hopp til innhold

- Gjøvikbanen må bli betre

130 innstillingar så langt i år. Noko må gjerast, meiner NSB.

NSB Gjøvikbanen får stadig større problem med å halde toga sine i rute. Ein prosent av toga har vorte innstillt i år.

Det siste dømet var i går, da det var straumstans mellom Jaren og Gjøvik i fleire timar.

- Dersom dette blir verre kjem vi til å miste kundar, seier direktør for Gjøvikbanen, Margareth Nordby Kringlid.

- Gammalt og slitt

Nordby Kringlid seier at dei oppfattar strekninga berre blir halde i vedlike i ein viss grad, og at det ikkje er rom for nyinvesteringar.

- Anlegget er gammalt og slitt. Dette har noko med prioriteringar i Jernbaneverket, og ikkje minst ressursmangel. Men det er ei kampsak for oss å få betring, seier ho.

Også mange av pendlarane er frurstrert over at dei ikkje kan stole på at toga på Gjøvikbanen alltid går etter ruta. Det seier Per Arne Hjermann i brukerforeininga på Gjøvikbanen.

- Vi har vore tilfredse lenge, men vi har mistanke om at det blir investert lite i signalanlegg, overgangar og skinnegang, seier Hjermann.

- Må investere 300 millionar

Det er Jernbaneverket som har ansvaret for at det tekniske skal fungere, og banesjef for Gjøvikbanen, Tormod Urdahl, beklagar dei mange uheldige episodene i år.

- Vi har hatt noko meir feil i år enn i fjor, sjølv om det ikkje er ei dramatisk auke.

- Det burde kanskje gått andre vegen?

- Det er eg heilt enig i. Vi har generelt ein gammal infrastruktur, og det er eit stort etterslep både når det gjeld spor og kontaktledningsanlegget.

Han seier at det trengst å investere over 300 millionar kroner på Gjøvikbanen i løpet av dei neste ti åra.

- Det er vanskeleg å løyse dette i løpet av natta, seier banesjef Tormod Urdahl.

Flere saker fra Innlandet