I går høyrde vi historia om ein buss med skuleelevar frå Vågå som vart stoppa på Vestlandet, fordi bussen hadde dårlege bremser og for mange passasjerar.
Føraren vart nekta å kjøre vidare, og busselskapet er meldt til politiet.
Arne Sveen er dagleg leiar i eit av dei største buss-selskapa i landet, og han meiner det er for mange trafikkfarlege bussar på norske vegar.
Observerer mange eldre bussar
- Det bygger eg på det våre eigne sjåførar både høyrer og ser ute. Dei observerer ei rekkje gamle bussar ute langs hovudvegane i Norge i dag, seier Sveen.
Generelt er det god standard på bussane, men for mange er i dårleg stand, meiner han.
Sveen meiner at når ein buss har passert 20 år og 1,5 millionar kilometer, byrjar han å bli slitt.
-For enkelt å bli buss-transportør
- Det finst bussar som dukkar opp om våren og forsvinn att om hausten, og ingen veit kvar dei er i mellomtida. Truleg er vedlikehaldet deretter, seier Sveen.
Han meiner det er for enkelt å starte opp som buss-transportør, og at det går ut over tryggleiken.
- Du treng eit løyve som kostar nokre kroner, du må ha ein buss, og deretter er det fritt fram med å drive ditt eige busselskap, hevdar Sveen.
- Krava er strenge nok
Men statssekretær Arnfinn Ellingsen meiner det ikkje er så enkelt.
- Den som skal drive yrkesmessig persontransport må ha politiattest på god vandel, det må vera ein økonomisk garanti, og vedkomande må ha faglege kvalifikasjonar, seier Ellingsen.
Han meiner dei krava som blir stilt er strenge nok. Ellingsen håpar at dei periodiske og tilfeldige kontrollane avdekkjer forhold som i dømet med bussen med skuleelevane frå Vågå.