Ei av fire kvinner har blitt utsett for vald frå partneren, viser ei ny undersøking.
Valdsalarm kunne redda mange kvinner frå overgrep, men mange kvier seg for å skaffe alarm, opplyser krisesenteret i Gjøvik.

(Ill.foto/Scanpix)
Politi rykker raskt ut
- Det er veldig viktig å skaffe seg valdsalarm. Politiet har ein eigen beredskap i forhold til valdsalarmane, og rykker raskt ut dersom det skulle skje noko, seier advokat Nina Nordland i Gjøvik.
Ho meiner fleire kvinner burde bruke valdsalarm.
- For dei kvinnene som tek steget ut og gjer noko med situasjonen sin, er det ei stor tryggheit å kunne ha valdsalarm, meiner Nordland.
Men dei som eventuelt skal bruke valdsalarmen er i tvil. Ei Gjøvik-kvinne i 30-åra som er valdsoffer, seier dette er eit vanskeleg val for henne.

Ein slik valdsalarm kan redde mange kvinner frå overgrep. (Foto: NRK)
- Føler seg paranoid
- Det kan slå to vegar. Han ser at eg er seriøs og faktisk har tatt skrittet, eller han vil koma og gjera noko, seier ho.
Kvinna har levd saman med ein valdeleg mann i mange år. Ho fortel at ho føler seg småparanoid, fordi ho årevis har levd under press.
- Det er ikkje berre å skru av ein brytar og så går det greit fordi eg ikkje er gift lenger, seier ho.
Ho har fleire gonger vurdert å skaffe seg valdsalarm, men vil sjå korleis ting utviklar seg fyrst.
Redde for å provosere
Dagansvarleg ved krisesenteret på Gjøvik, Heidi Olden Eng, seier at mange av dei som oppsøkjer krisesenteret har same haldninga. 50 kvinner er innom krisesenteret kvart år, men berre eit fåtal søkjer om valdsalarm.
- Mindretalet søkjer om valdsalarm, og grunnen er at dei ikkje vil provosere mannen. Derfor melder dei heller ikkje frå om valden til politiet, seier Olden Eng.
Ho fortel at mange kvinner ventar og håpar at mannen skal roe seg. Men ofte flyttar kvinnene attende til mannen, fordi det er betre å stå i valden enn aldri å vite kva som kjem når dei ikkje bur saman lenger.