NRK Meny
Normal

- Eg er ingen leigemordar

I Søndre Land-saka held Ole Kristian Bjørnsen fast på at drapet på Ragnar B. Abrahamsen ikkje var planlagt.

Drapsgården i Søndre Land
Foto: Bjørn Sigurdsøn / SCANPIX

Aktor Torbjørn Klundseter har i sine spørsmål lagt stor vekt på å få fram detaljane omkring det som skjedde i forkant av drapet på Abrahamsen.

Bjørnsen har heile tida innrømt å ha teke livet av Abrahamsen, men nektar for at det var planlagt.

- Eg er ikkje nokon leigemordar, understreka han i retten i dag.

I retten i går forklarte Bjørnsen at drapet skjedde etter at han sjølv hadde fått drapstruslar frå Abrahamsen , og at han var både redd og rasande da drapet fann stad.

- Det var ein kombinasjon av frykt, sinne og truslar. Eg prøvde å gå bort frå den trusselsituasjonen eg var i, men han følgde etter og ba meg bli med på låven.

Drept med fire skot

På låven vart Abrahamsen drepe med i alt fire skot, fyrst eit mot bakhovudet, før det vart avfyrt tre nye skot medan Abrahamsen låg nede.

- Kva er grunnen til at du vart med på låven, når du var redd for Abrahamsen, ville aktor Torbjørn Klundseter vite.

- Eg veit ikkje, eg vart berre med heilt mekanisk, eg var svært rusa, redd og sinna på same tid, svara Bjørnsen.

- Paranoide tankar

I politiavhøyr i etterkant av drapet gav Bjørnsen inntrykk av at han kunne ha vorte lokka i ei slags felle av Berit Thorstensen. Han fekk vite at Thorstensen hadde løyet om sin kreftsjukdom, og at ho også hadde fungert som ein slags informant for politiet. I retten i dag understreka han at dette ikkje er noko han står for i dag.

- Dette var berre teoriar eg sette fram under avhøyra, og eg ser nå at dette berre var paranoide tankar. Eg var i ein pressa situasjon, og svært stressa og sliten, fortalte Bjørnsen i retten.

Bjørnsen er den siste av dei tiltalte som forklarer seg, og seinare i dag startar politiet si bevisføring frå dei to drapa på Vollheim gard i Søndre Land.