NRK Meny
Normal

- Dette er trist

Tidlegare statsminister Odvar Nordli reagerer på pensjonssaka i Stortinget. Han synest saka er trist. Det var ikkje dette som var tanken bak ordninga, seier han.

Odvar Nordli 80 år
Foto: Stig Karlo Helstrøm / NRK

- Det er vondt å sjå det som skjer nå, seier Nordli.

Nordli var statsminister da pensjonsordninga vart vedtatt i 1981. Han har spurt seg sjølv om han kunne ha gjort noko for at ein ikkje skulle hamne i ein så vanskeleg situasjon.

- Pensjonsordninga vart laga for å sikre dei som verkeleg trong inntekt fordi dei ikkje kunne gå tilbake til den gamle jobben sin, seier Nordli.

Som døme nemner han ein eldre kar frå Nordland som ikkje vart attvald, og som ei tid etterpå stod på torget og selde lomper.

Brot på intensjonen

- Dagens praktisering av ordninga bryt med det som var intensjonen, seier Nordli.

Det blir feil når store kapitalinntekter ikkje skal reknast med når pensjonen blir avgjort. Meininga med ordninga var ei heilt anna enn det vi når ser døme på, seier han.