Hopp til innhold

- Det viktigaste er å vere trygg

Nicole Ekoko Tshona frå Kongo måtte rømme frå landet da Kabila kom til makta. Nå bur firebarnsmora saman med familien på Øyer.

Nicole Ekoko Tshona
Foto: Arne Sørenes / NRK

- Du klarar ikkje å slappe av og vere fornøgd dersom du ikkje føler deg trygg.

På Tingberg i Øyer slepp Nicole og familien å vere redde.

Flykta frå Kabila

Nicoles lange reise mot Noreg byrja i dåverande Zaire i 1997. Da vart diktatoren Mobutu Sese Seko styrta, og opprørsleiaren Laurent Kabila tok over.

Landet skifta namn til Den Demokratiske Rebublikken Kongo, og dei tidlegare statstilsette vart forfulgt. Ein av dei var mannen til Nicole, Kelly, som hadde jobba på eit statleg sjukehus.

Mannen vart fengsla, og Nicole var heime åleine med ungane. - Vi kunne ikkje sove utan å låse døra, og var heile tida redde, seier ho.

Dei flykta til nabolandet Zambia, men måtte reise vidare også frå der. I 2005 kom familien til Norge og Øyer, og slo seg ned der.

Språket viktig

Nicole Ekoko Tshona

Barna må på skule og barnehage før Nicole kan starte på si eiga undervisning

Foto: Arne Sørenes / NRK

Nå går Nicole og Kelly på vaksenopplæringa på Lillehammer. - Det er viktig å lære språket. Da eg kom til landet skjønte eg ingenting, og det var vanskeleg, seier Nicole.

Også etter at ho er ferdig på vaksenopplæringa får nytta sine nye norskkunnskaper. Ho arbeider nemleg som vikar ved sjukeheimen på Lillehammer, og der må ho prate norsk for at bebuarane skal forstå ho.

- Det beste med Noreg er at vil føler oss trygge, og sjølv om eg lengtar heim ofte, så har vi det bra, seier Nicole Ekoko Tshona.

Flere saker fra Innlandet