– Eg har ikkje straum på hytta, så eg gjekk inn for å hente hovudlykta mi, og da eg tente ho, fekk eg sjå at det var rare merker på golvet, og då eg tok ein titt rundt, såg det ut som om det hadde vore ein skikkeleg trønderfest her, seier hytteeigar Shan Arve Ytterland.
Hytta såg ikkje ut, og det var knust koppar og tallerkar utover heile golvet.
Hytta var totalt rasert
– Alt var, forsiktig sagt, neddrite, seier den uheldige hytteeigaren.
Men etter ein rask gjennomgang i sparsamt ljos, fann han ikkje noko teikn til innbrot. Einaste moglege opning var gjennom peisen.
– Det viste seg at ho som hadde gjort hærverket hadde kome seg inn gjennom pipa, smiler Ytterland.
For syndaren hadde ikkje forlate åstaden, og ho vart etter kvart lokalisert.
Funne død under stovebordet
– Eg fann ho under spisebordet mitt, og da var ho dessverre død, seier Ytterland.
Det var ei laksand som hadde forvilla seg inn i hytta til Shan Arve, og i ein fortvilt kamp om å koma seg ut att, hadde ho snudd opp ned på heile hytta.
– Det var fullt med drit på vindauga, og alle speglane var angripe.
Etter hytta å bedømme, har truleg den einslege laksanda vore der i fleire dagar, og hytteeigaren reknar med å bruke fleire dagar på å rydde opp att etter innbrotsfuglen.
– Eg ser litt mørkt på det, men vi kan talast måndag, så får vi sjå, smiler Ytterland.
Skal få ei verdig gravferd
Det er vel også ei viss lukt i hytta?
– Det veit eg ikkje om eg vil nemne ein gong, smiler hytteeigaren.
Shan Arve seier at helga ikkje vart som planlagt, men at han i alle fall ikkje kjem til å kjede seg. For etter at hyttevasken er ferdig, skal han sørge for å gje fru laksand ei verdig gravferd.
– Ho skal få ei siste kvile, men eg er litt uroa for at ho har nokre små rundt hytta her som kanskje kjem til å svelte i hel, seier Shan Arve Ytterland.