Spørsmålet er aktuelt i samband med at Kommunenes Sentralforbund i vår set i gong ein prosess om kommunegrenser.
- Bør bli
- Vi må samarbeide med andre kommunar i dei andre fylka. Både veg, økonomi og andre sakar er like for oss kommunar som er rundt Oslo. Men å splitte oss frå Oppland trur eg blir enda vanskelegare, seier Nessjøen.
Dei andre ordførarane seier at det som er viktig nå, er å få resten av Oppland til å skjønne at Hadeland har andre utfordringar enn dei andre kommunane.
- Særeigent
Martha Berger, fylkestingsrepresentant frå SV, seier ho og er samd i at Oppland framleis skal vere heimfylket til Hadeland.
- Men eg trur Oppland må innsjå at Hadeland har nokre særeigenskapar i høve til nærleiken til Oslo. Det er det ikkje støtt at Oppland har teke omsyn til, seier Berger.