Det er i samband med utkastet til ein ny nasjonal transportplan frå 2006 til 2015 at fylkeslaga av naturvernforbundet i Oppland og Hedmark har kome med innspel. Neste år skal forslaget ende opp som eit forslag i Stortinget.
Bompengar må til
Naturvernforbundet meiner samferdsle er eit område som gjer mest skade på miljøet. Samstundes blir det gjort lite for å dempe skadane.
- Bompengar på E6 mellom Eidsvoll og Hamar bør brukast til å delfinansiere eit nytt dobbeltspor mellom Eidsvoll og Lillehammer. Eit dobbeltsport vil gje eit mykje betre kollektivtilbod enn i dag, meiner forbundet.
Forbundet vil bruke den same metoden i høve til utbgyggjinga på riksveg 4 frå Gjøvik til Oslo.
- Bompengar frå riksveg 4 bør kunne brukast til opprusting av Gjøvikbanen, meiner forbundet som er negative til ein ny riksveg 4 på Hadeland.
Skadar naturen
- Ei utbyggjing av riksveg 4 mellom Roa og Jaren kan gje nærføring til opp mot 70 dekar av Jarenvannet naturreservat. I staden bør vi satse meir på utbetring av dagens veg og auka bruk av kollektivtransport, meiner forbundet.
Forbundet ynskjer heller ikke meir motorvegar.
Mot firefeltsveg
- Vi går sterkt imot utbyggjinga av E6 til fire felt mellom Gardermoen og Kolomoen, skriv forbundet i sitt innspel.
Dei syner til at kapasiteten på vegen er god nok. Dei meiner det berre er i helgene og i høgtider at trafikkavviklinga kan vere vanskeleg.
Forbundet vil heller ha fysiske midtdelar på E6 og fleire trafikksikringstiltak på strekningen.
- Ytterlegare vegbyggjing som legg til rette for enda fleire bilar inn og ut av Oslo-området, er ikkje akseptabelt, seier Naturvernforbundet.