NRK Meny
Normal

- Blir straffa av Mattilsynet

Dyrevernnemnda i Solør meiner dei blir straffa fordi dei ikkje avliva 22 hundar under ein aksjon i Åsnes tidlegare i år.

Dyretragedie i Åsnes
Foto: Mattilsynet

Dyrevernnemnda aksjonerte på grunn av det dei meinte var ekstremt dårleg hundehald. Hundane vart sendt til forvaring på ein kennel.

Mattilsynet meiner det ville vore langt billigare å avlive hundane.

Nå meiner dyrevernnemnda i Solør at dei blir straffa, ettersom dei har fått avslag på søknaden til Mattilsynet om meir pengar i år.

Manglande budsjett

Det er fleire år sidan dyrevernnemnda i Solør fekk dei fyrste meldingane om hundehaldet til ei kvinne i Åsnes. Etterkvart viste det seg hundane var sjuke, fekk for lite mat, det var feil medisinbruk og uhygieniske forhold. Det kom også fram ulike avlivningsmetoder som at hunder vart slått mot ein vegg og skote fleire gonger i hovudet før dei døydde.

I etterkant av den alvorlege dyrevernsaka i Åsnes har den lokale dyrevernnemnda fått kritikk for måten dei løyste saka på.

- Vi hadde ikkje budsjett for å gå inn i ei slik sak, og dei signala vi har fått tyder på at hundane burde vore avliva med ein gong, i staden for å ha vorte plassert i kennel.

Det seier leiaren i dyrevernnemnda, Bente Hauge. Ho seier at det ikkje var aktuelt for dei å avlive hundane på staden.

- Vi vurderte det slik at desse hundane var eigna for omplassering.

Ho fortel at det i etterkant har vore over 200 personar som har meldt si interesse, og at dei har motteke 120 søknader. No jobbar dyrevernnemnda med å finne dei rette heimane for hundane.

Slutt på all aktivitet

Men dyrevernnemnda sin innsats i denne saka har kosta dei dyrt. Heile budsjettet på 95000 kroner gjekk med, og dei har nå ikkje moglegheit til å følgje opp sakene dei har byrja på eller ta opp nye saker. Alle bekymringsmeldingene dei får blir sendt til distriktskontoret i Glåmdal, som må overta der dyrevernnemnda slapp.

- Problemet er at dette distriktskontoret heller ikkje har kapasitet til å følgje opp. I yttarste konsekvens kan dette føre til at dyr står og lir, seier Bente Hauge.

Søkte om meir pengar

Dyrevernnemnda i Åsnes har søkt om meir pengar for å kunne oppretthalde si drift. Det fekk dei avslag på, og i svarbrevet skriv Mattilsynet at også dei har så stramme budsjett at dei ikkje kan løyve meir pengar.

I eit anna brev skriv Mattilsynet at det ville vorte mykje rimelegare for det offentlege dersom alle hundane i denne saka hadde vorte avliva.

Vurderer å trekkje seg

Hauge fortel at ho nå vurderer om ho skal fortsetje sitt arbeid i dyrevernnemnda.

- Eg har stilt meg det spørsmålet fleire gonger. Dette er jo noko eg brenn for, det er interessant å jobbe med og eg føler eg gjere noko nyttig. Men dette har vore ei tung sak, og eg får sjå om eg tek gjenval etter at dette året har gått, seier ho.

- Det blir heile tida gjeve signal om at dyrevern skal prioriterast, men dette blir ikkje følgt opp gjennom budsjetta. Det er eit tankekors, seier Bente Hauge.

Mattilsynet vil ikkje kommentere saka. Årsaka er at dei nå behandlar ei anke frå hundeeigaren på vedtaket om at hundeholdet skulle avvikles.

SISTE NYTT FRA HEDMARK OG OPPLAND

  • Bil velta mellom Moelv og Brøttum

    Ein bil ligg på sida etter ei utforkøyring på fylkesveg 213 mellom Moelv og Brøttum, like ved Ulvenkrysset, skriv Ringsaker blad. Bilen har treft brøytekanten før han velta inn i vegbana. Politiet var på staden rundt klokka 17 i ettermiddag. Dei har så langt ikkje sett noko til føraren av bilen. Trafikken blir dirigert manuelt forbi staden.

  • Stort underslag for retten

    Tirsdag må en bonde fra Hedmark og en tidligere regnskapssjef i Gartnerhallen møte i retten, tiltalt for å ha underslått 49 millioner kroner fra frukt- og grøntprodusenten. Ifølge førstestatsadvokat Geir Kavlie i Økokrim er dette en av de mer alvorlige underslagssakene Økokrim har hatt, skriver NTB.

  • Folldal saksøker ikke Telenor

    Folldal kommune går ikke til økonomisk søksmål mot Telenor etter det alvorlige kabelbruddet i desember. Det sier ordfører Hilde Frankmo Tveråen (bildet). Bruddet førte til at hele kommunen var uten bredbånd-, telefon- og mobildekning i ett og et halvt døgn.

    Ordfører Hilde Frankmo Tveråen
    Foto: Geir Olav Slåen