Styret i Helse Øst er særs uroa over den økonomiske situasjonen ved sjukehusa i Oppland og Hedmark. Styret vedtok derfor fredag ei sparepakke, der målet er å kome i hamn med budsjettet. Så langt i år er det eit underskot på rundt 69 millionar kroner.
- Tøffare
Administrerande direktør Torbjørn Almlid seier dei no vil bli tøffare i priorteringene sine. Mellom anna inneber dette liten eller ingen bruk av vikarar, mindre overtid og sterkare handheving av tilsettingsstoppen.
For tida har Sykehuset Innlandet (SI) lyst ut rundt 50 stillinger ved sjukehusa i Oppland og Hedmark.
Dette gjeld åtte divisjonsdirektør-stillinger i administrasjonen, sju stillinger ved sjukehuset på Lillehammer, tre stillinger ved sjukehuset på Gjøvik, ei stilling på Reinsvoll, fem stillinger i den distriktsbaserte helsetenesta, ei stilling i Kongsvinger, seks stillinger i Hamar og Elverum og rundt 20 stillinger ved Sanderud.
Korleis det no blir med desse stillingene er uvisst.
- Ser an rapporten
Når det gjeld tilbodet til dei fødande i Innlandet, så seier Almlid at dei ikkje vil gjere noko før ein endeleg rapport om dette kjem 6. oktober.
- Vi skal sørgje for at fødetilbodet vil vere godt, for alle fødande, seier Almlid.